fredag 27. juni 2008

Sogn og Fjordane Arbeidarparti: Lokalsjukehus og ortopeditenester


Sogn og Fjordane Arbeidarparti har merka seg debatten om korleis ortopeditenestene skal vere i fylket. Spesielt har vi merka oss at Helse Førde no ønskjer å flytte deler av pasientgruppa innanfor operasjonar av ortopedi frå lokalsjukehusa til Førde Sentralsjukehus.

Ei flytting av pasientane vil på sikt svekke grunnlaget for gode ortopeditenester ved lokalsjukehusa. Eit svekka pasientgrunnlag vil og kunne bidra til legeflukt og dermed gjere det vanskelig for lokalsjukehusa å ha fagleg gode tenester til dei vanlegaste pasientgruppene og pasientar med samansette problem.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er sterkt uroa over denne utviklinga. Vi viser til vårt helserådslag "Eit godt og likeverdig helse- og sjukehustilbod til alle", vedteke på representantskapsmøte 5 april d.å., der vi meiner at lokalsjukehusa må gje tenester i akuttberedskap innan kirurgi og ortopedi.

Det vil vere beklageleg om ein no øydelegg eit godt velfungerande og solid fagmiljø ved Nordfjord sjukehus.

Sogn og Fjordane har fleire geografiske utfordringar som ein må ta omsyn til, som t.d. lange avstandar, fjordar og fjell og varierande vêrforhald. Dette tilseier at sjukehusstrukturen og tenestene må vere desentralisert.

• Henta frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti sine nettsider. Les saka ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar