onsdag 6. januar 2010

Aktuelt med samarbeid på tvers av regiongrensene


FJORDABLADET I dag har det vore stormøte i Volda og Ålesund om Strategi 2020. Ifølgje administrerande direktør I Helse Midt-Norge, Gunnar Bovin, er mogeleg samarbeid mellom helseregionar ein av dei tinga som ein vil sjå på i samband med strategiarbeidet.

Gunnar Bodin seier at dei også i dag har eit utstrakt samarbeid på ulike nivå med andre helseføretak, mellom anna dialogmøte med Helse Vest. Han har ikkje detaljkunnskap om kva sjukehusa i Volda og Nordfjord konkret kan samarbeide om, men seier at dette kan bli aktuelt på område som er eigna for det.
– Det er tidleg i strategiarbeidet. Det er rimeleg at Helse Førde og Helse Sunnmøre saman med dei regionale helseføretaka Helse Vest og Helse Midt-Norge ser på korleis dette kan gjerast. Både Helse Vest og Helse Midt-Norge er opptekne av å få gode løysingar, seier Bovin.

Nytt møte
Kommunikasjonssjef i Helse Sunnmøre, Solveig Moe Frøland, fortel at dei var i eit dialogmøte med Helse Førde i første halvår 2009. Det har vore snakk om at dei skulle ha eit nytt møte der også dei regionale føretaka Helse Midt-Norge og Helse Vest var med, men dette har det førebels ikkje blitt noko av.

Opne debattar
Kommunikasjonsdirektør i Helse Midt Norge, Tor Harald Haukås, seier at dei no er i ein fase der ein skal ha opne debattar og greie ut korleis ein skal organisere tenestene i framtida, basert på dei utfordringane som ein står overfor. Ein veit at det vil bli endra samansetnad av befolkninga med stadig fleire eldre, det er avgrensingar i forhold til tilgang på personale, ein har samhandlingsreforma og endringar innan medisin. Det vil verte omstillingar, mellom anna meir bruk av poliklinisk verksemd som kan etablerast i distriktsmedisinske løysingar.

Haukås peikar også på at det har skjedd mykje når det gjeld akuttmedisin. Dei siste åra har ein fått nye føresetnader for å gje god akuttmedisinsk behandling med betre utstyr og kompetanse og mogelegheit for behandling både på skadestad og under transport med ambulansebil og helikopter.
– Med nye premisser må vi tenkje over korleis vi kan organisere tenestene våre, seier Haukås og legg til at akuttenestene berre er ein del av dette.

Presentasjon av rammene
Også Helse Førde har starta opp strategiarbeid med planlegging fram mot 2020. I dag har det vore stormøte med videooverføring til alle institusjonane med presentasjon av rammene for arbeidet. I morgon er det arbeidsmøte i Lærdal, 11 januar i Førde og 12. januar i Nordfjord.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Fjordabladet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar