fredag 15. januar 2010

Folkeaksjonen for Volda sjukehus og underskriftskampanje


Det er starta ein ny folkeaksjon, Folkeaksjonen for Volda sjukehus. Dei skriv mellom anna dette på nettsidene sine:

Sjukehuset i Volda er i dag lokalsjukehus for 50.000 menneske - i tillegg vert det utført urulogisk kirurgi for heile Nordfjord. Nedbygginga av lokalsjukehusa er sterkt imot folkeviljen og skjer utan god nok demokratisk kontroll. Eiksundsambandet er på plass og Kvivsvegen er ferdig om 2 år, noko som igjen vil auke dekningsområdet. Dette skulle heller tilsei ein styrking av sjukehuset i Volda.

1. Vi vil ha fram alle moment og konsekvensar eit negativt vedtak vil få.
2. Folkevilja i distriktet i denne saka må synleggjerast betre.
3. At styret i Helse Sunnmøre tar til fornuft og lar Sjukehuset i Volda oppretthalde dagens akutt-medisinske tilbod for befolkninga.

Gi di støtte til sjukehuset i Volda – skriv ditt namn her og støtt folkeaksjonen!


• Klikk her eller på overskrifta for å sjå sidene til Folkeaksjonen for Volda sjukehus

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar