onsdag 7. april 2010

- Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned (?)


KLASSEKAMPEN: Seks lokalsjukehus er vedtatt nedlagde, seks andre er delvis nedbygde sia helseføretaksreforma vart sett i verk 2002. Fleire kan det bli i 2010.

Statsekretær Roger Ingebrigtsen forsikra i ei pressemelding 16. mars at løftet frå Soria Moria-erklæringane om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned står ved lag. Det har ikkje hindra vedtak om nedlegging av seks lokalsjukehus berre sia 2007: Farsund (2007), Mandal (2008), Florø (2009), Stensby (2009), Sandefjord (2009), Aker (2010).

Seks lokalsjukehus har heilt eller delvis mista den kirurgiske akuttberedskapen: Lærdal, Nordfjordeid, Larvik, Moss, Mosjøen, Røros.

To fødeavdelingar er reduserte til fødestover: Mosjøen og Lærdal.

Fødeavdelinga på Aker Universitetssykehus vart nedlagd i 2003 og Lykkeliten fødestue på Rjukan i 2008.

Da helseføretaksreforma vart sett i verk i 2002 hadde 35 lokalsjukehus akuttfunksjonar, medan sju dreiv med berre planlagd (elektiv) behandling, polikliniske tilbod eller rehabiliteringsbehandling.

Nye kutt i 2010
I 2010 har Helse Førde foreslått at sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid skal leggjast heilt ned. I Helse Midt-Norge er det vedtatt å redusera talet på akutt- og fødeavdelingar. Fødeavdelingane i Namsos, Orkanger og Volda er alle i faresona, og Helse Nordmøre og Romsdal har alt vedtatt å leggja ned fødeavdeling og akuttkirurgi i Kristiansund (sjå eiga sak).

I Helse Nord er ein rapport om strategien for lokalsjukehusa på høyring.

Landsomfattande motstand
Da to bussar med sjukehusaktivistar kom frå Sogn og Fjordane til Oslo 23. mars for å delta i demonstrasjonen mot nedlegginga av Aker sykehus, var det eit tydeleg uttrykk for den breie motstanden mot sjukehusnedleggingar og sentralisering av helsetilbodet i landet.

Bente Øien Hauge, koordinator for Folkebevegelsen for lokalsykehusene, får mange telefonar - frå yngre folk som ikkje vil busetja seg der det ikkje er sjukehus, og frå eldre som ikkje kan tru at dette kan skje. Det er ikkje mogeleg å førestilla seg eit lokalsamfunn utan rimeleg tilgang til lokalsjukehus.

- Skremmande retorikk
- Det mest skremmande er det helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og statssekretær Roger Ingebrigtsen driv med no. Dei har tømt omgrepet lokalsjukehus for innhald. Dei fjernar alt utan spesialiserte poliklinikkar, så skuvar dei over til kommunane både å finansiera og å skaffa kompetent personale. I og med at kommunane ikkje har noko tilbod, skuvar dei store pasientgrupper ut i ingenmannsland. Det er ein frekk retorikk å seia at ein ikkje legg ned når ein fjernar alt vi forbind med sjukehus, seier Øien Hauge til Klassekampen,

Øien Hauge er også svært uroleg for den mykje omtalte samhandlingsreforma.
- Helsevesenet lir så mykje under helseføretaksreforma, og så skal dei setja i gang med ein ny reformrunde som vil skapa nytt byråkrati utan å ha eit solid fundament for det ein gjer. Den blir større og verre. Gapet mellom grasrota og dei som styrer har auka dramatisk, seier koordinatoren.

Alt som har skjedd med delvis nedbygging av ein del sjukehus har gjort «lokalsjukehus» til eit uklart omgrep. Legeforeningen har formulert denne definisjonen av akuttfunksjon på lokalsjukehus: «Døgnkontinuerlig vakt i indremedisin, anestesiologi, generell kirurgi og føde. Det skal vere døgnkontinuerlig tilgang på radiolog- og laborietjenester, inkludert blodbank.»

• Les saka i Klassekampen ved å klikke her eller på overskrifta (meir i papirutgåva)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar