tirsdag 27. april 2010

Navarsete: Ber kommunane halde igjen


KOMMUNAL RAPPORT (23.04.2010) Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) vil ikkje at kommunane skal førebu seg på samhandlingsreforma. Ikkje enno.

På den årlege konferansen til Kommunalbanken torsdag, gjekk Navarsete og Høgre-leiar Erna Solberg i klinsj om samhandlingsreforma.

Navarsete vart utfordra av debattleiar Aslak Bonde på om det var ryddig ikkje å ha nokon finansiering av reforma klar, samstundes som mange kommunar no er opptekne av å førebu seg på reforma.

– Eg har ikkje sagt at nokon skal ta reforma på forskot. Heile kommunesektoren kan ikkje organisere seg inn mot ei røynd som ikkje finst enno. Dei kan ikkje gje seg inn på omorganisering innan rammene er på plass, seier Navarsete.
– Eg har stor tru på samhandlingsreforma, men vi må ta eit steg om gangen.

Solberg kritiserer regjeringa for å seie ein ting medan Bjarne Håkon Hanssen (Ap) var helseminister, og noko anna no.
– Hanssen reiste land og strand rundt i eitt år og bad kommunane kome opp med prosjekt, og så er det nesten ikkje pengar til dette i statsbudsjettet. No er det mange kommunar som sit med prosjekt dei ikkje veit korleis dei kan gjennomføre. Framtida er uklår. Eg trur nok entusiasmen stoppar opp, og det er dumt.

Omstrukturering i helseføretaka vart ein del av diskusjonen. Navarsete innrømmer at det ligg ein fare i at dei no peikar på at kommunane skal ta nokre oppgåver, samstundes som det ikkje finst noko svar på kven som skal betale.

Solberg peiker på at dette ikkje er eit nytt problem.
– Noko av det som skjedde med opptrappingsplanen for psykisk helse, var at vi måtte stoppe helseføretaka i å leggje ned statlege tilbod, lenge før kommunane var klare til å overta.

• Les saka i Kommunal Rapport ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar