fredag 30. april 2010

Kuppar 1. mai-feiringa


NRK SOGN OG FJORDANE Kampen for å oppretthalde lokalsjukehusa blir viktige innslag i 1. maiparolane fleire stader i landet.

Tek fokuset heile dagen
Sjukehuskamp har vore eit av dei mest brennbare politiske temaa denne våren. Og 1.mai er det fleire som har tenkt å markere sitt engasjement for saka.

I Lærdal blir framtida for lokalsjukehuset hovudparole på arbeideranes store kampdag.
"Ikkje ta lokalsjukehusa våre" står det på plakaten til aksjonistane.

Vart invitert med
- Vi fekk ein invitasjon frå 1.mai komiteen om vi ville vere med. Det er ein veldig god ide. Dette er den viktigaste kampen for oss, seier sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge.
Ho er klar til å gå i tog 1. mai og kjempe for sjukehuset sitt som står i fare for å bli lagt ned og omgjort til lokalmedisinsk senter.

- Rett fokus på 1.mai
Og i 1 mai komiteen er ikkje leiar Knut O Aarethun eit øyblikk i tvil om at det er rett å sjukehusaksjonistane til markering på det som tradisjonelt har vore sett på som ein kampdag for likelønn og rettar i arbeidslivet.

- Det skulle berre mangle. 1.mai er ein demonstrasjonsdag der vi skal ta opp aktuelle saker. Og det er vertfall kampen for lokalsjukehusa.

Sak fleire stader i landet
Ei av dei store nasjonale politiske stridssakene denne våren har vore sjukehuskamp.

I Kristiansund kjempar dei for behalde sitt sjukehus i Sogn og Fjordane er lokalsjukehus i Eid og Lærdal truga av nedlegging. Og kampen for sjukehusa viser igjen i 1. mai parolane fleire stader i landet

-Vi har ein parole som går på vern av lokalsjukehuset. Vi har tungindustri her, og det er fare for uhell og ulukker. Vi vil ha eit sjukehus i nærleikne for å vere trygge, seier Jan Bent Høyum som er leiar 1. mai komiteen i Arbeiderpartibastionen Årdal.

- På sin plass
Heller ikkje i Eid fryktar Ap-politikar Kjell Haugland at parolar om sjukehuskamp skal skugge for det opprinnelege innhaldet for 1. mai
- Dette er på sin plass, seier Haugland.

Spørsmålet er om Arbeiderpartiet sentralt vil ta til seg singal frå grasrota.

Vil ikkje love noko
I Helse- og omsorgskomiteen merkar andre nesteleiar Tore Hagebakken seg engasjementet, men vil likvel ikkje utstede noko 100 prosents garanti for at arbeiderpartiet ikkje vil opne for endringar i innhaldet ved lokalsjukehusa.
- Vi er veldig tydeleg i Soria Moria og vi har understreka det fleire gonger. Lokalsjukehusa skal bestå. Men vi må sjå på innhaldet, seier han.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar