torsdag 21. oktober 2010

Ap-sekretær hjå desperate Ap-folk


NRK SOGN OG FJORDANE Partisekretær i AP fekk høyra kva helsevalløfta til partiet var verd.

- Me har gått ut og lovd velgjarane våre å behalda sjukehusa våre slik me har dei. Også kjem dei folkevalde i ettertid og bryt den lovnaden. Det er å lura velgjarane, noko som ikkje er bra i det heile teke, seier kommunestyrerepresentant Rolf Lefdal i Eid, ein av dei som har meldt seg ut av partiet i rein frustrasjon.

- Nordfjordeid ikkje tilfeldig
Striden kring lokalsjukehusa fører til harde tak internt i Arbeiderpartiet. Helse Førde vil legge ned føde og akuttilbod ved sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal, det har ført til at fleire politikarar har meldt seg ut av partiet.

I Selje kommune har lokallaget i praksis blitt nedlagt då samtlege tillitsvalde la ned verva sine og meldte seg ut av partiet.

I dag var Ap sin partisekretær Raymond Johansen i Nordfjord for å roe gemytta.
- Det er ikkje tilfeldig at eg er akkurat her i Nordjordeid, eit av områda der dette er det mest brennheite temaet, seier Johansen.

- Meir alvorleg
Han har opprøret i Hardanger friskt i minne. Men lokallagsleiar i Eid Siri Sandvik meiner at situasjonen i Nordfjord kan bli verre enn den i Hardanger.
- Her handlar det om liv og helse, og det er mykje meir alvorleg, Endar det med nedlegging, er dette løftebrot.

Men Johansen kunne ikkje lova noko i dag.
- Eg håpar inderleg me klarar å få fram at alle skal ha krav på det same gode helsetilbodet, uansett kvar ein bur i Norge.

Fryktar masseutmelding
Rolf Lefdal ser på internett ei gruppe på Facebook som viser at engasjementet er enormt.
- Stor oppslutnad. 4182 medlemmar.

Sjølv har han mistra trua på eige parti, han er overtydd om at det vil verte endå fleire utmeldingar om Nordfjordingane tapar sjukehustriden.
- Heilt klart, då vert det masseutmelding.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar