søndag 10. oktober 2010

Nordfjordrådet: – Vi har ikkje tillit til prosessane i Helse Førde


FJORDABLADET – Nok ein delplan for nedlegging av fleire helsetilbod ved Nordfjord sjukehus vil kunne føre til at Nordfjord Sjukehus de facto er nedlagt når lokalsjukehusfunksjonen skal handsamast i samband med Nasjonal helse- og omsorgsplan.

Dette seier Gunn Helgesen (Krf) i ein kommentar til ei svært krass fråsegn som Nordfjordrådet no sender til styringsgruppa for «Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Sogn og Fjordane». I fråsegna viser Nordfjordrådet til eit brev rådet nyleg sende til helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen, der rådet krev at den pågåande nedlegginga av Nordfjord Sjukehus vert stogga.


Les heile fråsegna under:
-------------------------------------------------------------------------------------

Fråsegn frå Nordfjordrådet til Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorga i Helse Førde (2010-2013).

Det vert med dette vist til vedlagde kopi av brev frå Nordfjordrådet til statsråd Strøm-Erichsen: Krav frå Nordfjordrådet om at den pågåande nedlegginga av Nordfjord Sjukehus vert stogga. Nordfjordrådet stiller seg også bak synspunkta i fråsegna frå Årdal kommune til Helse Førde om Områdeplanen, dagsett 29.09.10. I fråsegna frå Årdal kommune heiter det mellom anna at fleire parallelle styringsprosessar set kommunane i ein særs vanskeleg situasjon.

Nordfjordrådet kan ikkje på nokon måte godta Helse Førde sine pågåande, ikkje vedtekne, sentraliseringsprosessar, som ikkje samsvarar med gjeldande politikk på området.

Også i brevet til statsråd Strøm-Erichsen peikar Nordfjordrådet på at pågåande nedleggings- og sentraliseringsprosessar i Helse Førde ikkje er i tråd med overordna styresmakter sin vedtekne politikk. Jf. Soria Moria II, Nasjonal Helseplan (2007-2010), Stortingsmelding nr. 12 (2008-2009) og til Innstilling S. Nr. 240 (2008-2009). Nordfjordrådet meiner at det vert heilt meiningslaust med slike utarmande og skadelege sentraliseringsprosessar i 2010 medan statlege styresmakter er i gang med ein ny ”Nasjonal helse- og omsorgsplan” som skal leggjast fram i 2011, og som regjeringa seier skal ivareta kravet om eit heilskapleg nasjonalt helsetenestetilbod:

”Regjeringen vil ta sikte på å legge fram Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011–2014, i form av en stortingsmelding våren 2011. Planen skal være et operativt verktøy for prioriteringer innenfor de samlede helse- og omsorgstjenester. Den skal sikre god politisk styring gjennom å være et strategisk styringsdokument for helsetjenesten (prop.1 S, 2010-2011)”.

Regjeringa har elles lagt sterke føringar når det gjeld nærleik til helsetenestetilbod: I Soria Moria II heiter det at det eksisterande desentraliserte sjukehustilbodet skal oppretthaldast, noko som vil sikre nærleiken til akuttfunksjonar og fødetilbod, og det vert presisert at: ”Ingen lokalsykehus skal legges ned”(s.43). Regjeringa seier også at: ”Når sykdom rammer, skal folk oppleve at de får tilbud om behandling og pleie med kort ventetid og med størst mulig nærhet til brukeren” (s. 42).

På denne bakgrunnen kan Nordfjordrådet difor ikkje godta at Helse Førde utformar eit mandat som hindrar at reelle alternativ blir fagleg utgreidde. Dette er sakshandsamingsmetodar som bryt med både god forvaltningsskikk, etiske normer, gjeldande politikk - og styringsbrev frå Helse Vest.

Prosessen med å utarbeide ein plan for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg i Sogn og Fjordane/Helse Vest er såleis eit eksempel på ovannemnde uakseptable sentraliseringsprosessar, som ikkje har forankring i gjeldande politikk og styringsdokument, og som føregrip departementet sitt endelege vedtak.

Det er såleis heilt uakseptabelt at ”Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg” skal utarbeidast før Helse Førde sin strategi 2010-2020 vert vedteken av Helse Vest og godkjend av regjeringa, før kvalitetsstandardar for fødslesomsorg er vedtekne, og før Nasjonal helse- og omsorgplan vert lagt fram i 2011.

I samandraget til planframlegget heiter det at ”Ein har lagt til grunn dei nasjonale, regionale og lokale føringar i sitt arbeid. Mandatet har vore følgt”. Dette meiner Nordfjordrådet ikkje er rett. Det er berre dei lokale føringane i Helse Førde som er følgde. I sitt styringsbrev når det gjeld det aktuelle planarbeidet, står det nemleg klart og tydeleg at:

● ”Planarbeidet skal takast i vare av det einskilde føretak i samarbeid med kommunane i føretaksområdet. Det er samtidig behov for ei regional samordning for å sikre eit likeverdig tilbod i regionen, for å ivareta behovet for samordning av tenestene på tvers av føretaksgrensene der dette er aktuelt samt koordinering mot det nasjonale arbeidet”.
● Det skal vere ein fleirårig heilskapleg og lokalt tilpassa plan for fødselstilbodet i opptaksområdet”.

Desse føringane er ikkje tekne vidare i Helse Førde sitt mandat til faggruppa, og tidsramma er så stram at kommunane ikkje får handsama saka på ”vanleg måte”. Helse Vest seier i sitt brev at:
● ”Gruppa (styringsgruppa) har ansvar for å lage utkast til plan for føretaksområdet innanfor dei rammer og føringar som er gitt. Planen må på vanleg måte behandlast i helseføretaket”.
Men med ei slik tidsramme som er sett opp, er det ikkje rom korkje for prosessinvolvering eller ei handsaming av saka på det som er ”vanleg måte” i ein kommuneorganisasjon. Planprosessen det er lagt opp til samsvarar såleis ikkje med statlege intensjonar om likeverd.

Faggruppa som har utarbeidd framlegget til det faglege innhaldet i planen, har i tre punkt fått strenge, ufråvikelege rammer for sitt arbeid. Nordfjordrådet meiner at det er alvorleg og lite tillitsvekkjande at mandatet representerer ei snever tolking av styringsbrevet frå Helse Vest (04.02.10). Konsekvensane er då blitt som følgjer: Faggruppa sine faglege synspunkt om jordmorstyrte fødestover utelukkar modell 2 og 3. Modell 1 står att som einaste alternativ, då gruppa ikkje fekk mulegheiter til å seie noko om det eksisterande tilbodet ved fødeavdelinga i Nordfjord, og ei evt. fellesløysing med Helse Sunnmøre.

Faggruppa har heller ikkje fått svar på kva som har kome ut av samtalar Helse Førde har hatt med Helse Sunnmøre om samarbeid mellom lokalsjukehusa i Eid og Volda. Det er heller ikkje gjort økonomiske utgreiingar når det gjeld dei modellane som er skisserte i Helse Førde sitt mandat. Elles er Nordfjordrådet svært nøgd med at faggruppa har konkludert med at jordmorstyrte fødestover ikkje held faglege mål, og difor er uaktuelle som eit alternativ. Men samstundes kan ikkje FSS stå att som det einaste alternative fødetilbodet /fødeavdelinga for Nordfjordområdet. Å stå utan ei fødeavdeling mellom Ålesund og Førde er heilt uakseptabelt.

Dersom Helse Førde skulle få gjennomslag for sitt sentraliseringsønske, er det ikkje sjølvsagt at kvinnene i Nordfjord vil velje Førde som ”fødestad”. Fleire kommunar i Nordfjord har nær tilknyting til Sunnmøre. Dette gjeld og Ålesund som by og serviceområde. Det er stor utfart frå Nordfjordregionen til denne regionen både når det gjeld handel, arbeid og skule. Mange utflyttarar frå Nordfjord bur på Sunnmøre, og det er sterke kulturelle band mellom regionane.

Avstandane til Åse sjukehus frå bygdene på nordsida av Nordfjorden er for det meste kortare enn til Førde. Som eit døme er avstanden frå Stadlandet til Åse ca. 12 mil, mot ca. 18 mil til Førde. Dersom fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus vert avvikla, vil mange av dei fødande i Nordfjord krevje å bli lagde inn ved sjukehuset i Volda, alternativt Åse. Her burde Helse Førde ha fått laga ein konsekvensanalyse av kva dette vil få å seie for det totale tilbodet i føretaket.

Som part i saka om svangerskaps-, fødsels- og barselstilbodet i Sogn og Fjordane, kan Nordfjordrådet ikkje gå med på at Helse Førde sender frå seg ei så einsidig utgreiing - som også bryt med mandatet til Helse Vest - til vidare handsaming.

Framstillinga ovanfor viser at planprosessen ikkje har vore eit samarbeid mellom likeverdige partar. Planframlegget er altfor snevert - og representerer ikkje Nordfjordkommunane sitt syn. Planen skal dekkje behovet for tenester både i kommunane og i føretaket, difor meiner Nordfjordrådet at kommunane også må vere med i HEILE planprosessen, også i premisslegging/utarbeiding av mandat.

Som part i saka kan ikkje Nordfjordrådet godta at saka blir handsama før det er lagt ein heilskapleg nasjonal plan for helse- og omsorgstenestene på regjeringsnivå. Regjeringa seier at planen skal ”skal sikre god politisk styring”. Men Nordfjord Sjukehus og Nordfjordrådet krev god politisk styring no! Øydeleggjande delprosessar må stansast. Med nok ein delplan for nedlegging av fleire helsetilbod ved lokalsjukehuset i Nordfjord, utarbeidd på einsidige premissar – og utan at regjeringa reagerer - vil kunne føre til at Nordfjord Sjukehus de facto er nedlagt når lokalsjukehusfunksjonen skal handsamast i samband med Nasjonal helse- og omsorgsplan.


-------------------------------------------------------------------------------------

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar