lørdag 2. oktober 2010

Fråsegn frå Legerådet Nordfjord Sjukehus


Helseminister / Helsedepartement
Styret Helse Førde
Styret Helse Vest
Nordfjordrådet
Eid Kommune
Fylkeslegen Sogn og Fjordane
Legeforeninga Sogn og Fjordane

Fråsegn frå Legerådet Nordfjord Sjukehus, 6. september 2010

Nordfjord Sjukehus har etter at den nye helseføretaksmodellen blei innført, vore gjennom store omstillingsprosessar. Blautdelskirurgien, inkludert urologien, blei tidleg sentralisert til Førde, dette trass i at vi hadde ein urolog som gav god behandling til pasientane ved Nordfjord Sjukehus. Sentraliseringa av urologien førte til ein pasientlekkasje til Helse Sunnmøre. Med denne sentraliseringa blei også ein overlegeheimel flytta til Førde.

Det ortopediske miljøet ved Nordfjord Sjukehus har vore ein av hjørnesteinane i spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane, har hatt høg fagleg kompetanse og utdanna eigne spesialistar, i samarbeid med Helse Bergen. Vi har behandla pasientar frå alle delar av fylket og halde kurs for allmennlegar og fysioterapeutar. Vi har også bygd opp eit godt og effektivt samarbeid med røntgenavdelinga vår, og har ein komplett utgreiings- og behandlingskjede innan leddbevarande kirurgi.

Sjukehuset si medisinske avdeling er godt utrusta, og har beredskap for alle dei vanlegaste indremedisinske lidingane. Vi har og der eit godt samarbeid med røntgenavdelinga, og pasientane får raskt avklarande CT ved mistanke om for eksempel blodpropp til hjernen. Vi følgjer slik nasjonale retningslinjer for akuttbehandling av hjerneslag. Hjertepasientar får på lik linje rask akuttbehandling når det haster.

Medisinsk avdeling har ein høg beleggsprosent, der dei aller fieste pasientane vert lagde inn akutt. Pasientgruppa er uselektert, der mange har infeksjonar, senil uro og diareplager. Vi har også regelmessig pasientar i pleie ved livets slutt / kreftpasientar.
Vi har ein velfungerende overvakingsavdeling (OVA) der de mest kritisk sjuke av alle kategorier får stabilisering før ev. overflytting, og behandling.

Det tidlegare ortopedivedtaket om å samle all akuttortopedi i Førde, anna enn det som kunne behandlast i lokalbedøving, har verka svært negativt inn på arbeidsmiljøet og arbeidssituasjonen for ortopedane ved Nordfjord Sjukehus. Sjølv om dette vedtaket i etterkant ble noko mjuka opp, blir vår aktivitet heile tida vurdert, og vi blir kritisert regelmessig for inngrep utførte på vakttid.
Dette, saman med den belastninga det er kvar gong å fortelje ein pasient og pårørande at han dessverre må sendast vidare, gjer at den faglege integriteten og sjolvrespekten vert sett på prøve. Det er ikkje utført noko evaluering av effekten av dette vedtaket.
Vi har svært lange ventelister, spesielt på ortopedisk poliklinikk. Ein av grunnane til dette er manglande ortoped - og fysioterapeut-ressursar. Det er no oppretta ei felles tilvisingsadresse for ortopediske tilstandar ved Førde Sentralsjukehus, og Nordfjord Sjukehus kan ikkje lenger vurdere tilvisingar til ortopedisk poliklinikk her.

Nordfjord Sjukehus blir kritisert for dårlig effektivitet og planlegging på operasjonsavdelinga. Mange av dei operasjonane vi tar, er langvarige og krevjande, men har låg DRG-vekting. I store delar av 2009 var det også ein arbeidskonflikt mellom Helse Førde og Sjukepleieforbundet på operasjonsavdelinga ved Nordfjord Sjukehus, der fleire av spesialsjukepleiarane sa opp i protest, med redusert effektivitet og inntening til helseføretaket som resultat. No vert dårlege økonomiske resultat nytta som grunngjeving for vidare å redusere aktiviteten til berre eitt operasjonsteam dagleg.

Det vert no arbeidd for å opprette ein fellespost mellom ortopedisk og medisinsk avdeling ved Nordfjord Sjukehus, der ortopediske pasientar vert lagt inn på den medisinske sengeposten. Både organisatoriske og medisinsk-faglige moment talar sterkt imot ei slik organisering, spesielt auka fare for infeksjon hos nyopererte pasientar. Dette vil ytterlegare avgrense dei pasientgruppene som kan opererast ved Nordfjord Sjukehus.

Det må og nemnast at kollegaer i Sogn og Fjordane Legeforening og medlemmer av Styret i Helse Førde dessverre over fleire år har kritisert og nedvurdert Nordfjord Sjukehus i ulike media og på internett-bloggar. Administrasjonen i Helse Førde sin presentasjon av framlegget til vedtak om å gjere lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane om til lokalmedisinske senter, førte også til applaus i auditoriet på Førde Sentralsjukehus, overført på opne linjer til Nordfjord og Lærdal. Dette har også verka svært negativt inn på arbeidsmiljøet ved lokalsjukehusa.

Styret i Helse Førde har gjort vedtak om å leggje ned ortopedisk avdeling ved Nordfjord Sjukehus. Ein ser også på organiseringa av fødetilbodet i Sogn og Fjordane. Det er sannsynleg at all operativ aktivitet ved Nordfjord Sjukehus blir avvikla innan kort tid, og med det også behovet for anestesilege i vaktberedskap.

Akuttberedskapen på medisinsk avdeling vil da heller ikkje kunne haldast oppe. Avdelinga vil raskt bli ein mellomstasjon for pasientar som ventar på sjukeheimsplass, som ein del av eit distriktsmedisinsk senter, drive av fastlegar med eventuelt gjenverande indremedisinarar som konsulentar.

Nordfjord Sjukehus vil slik ikkje lenger kunne reknast som eit sjukehus. Institusjonen vil ikkje kunne ta på seg stabilisering av kritisk sjuke pasientar, drive operativ aktivitet eller skadestovepoliklinikk. Den indremedisinske poliklinikkaktiviteten vil også verte begrensa, då prosedyrar som kan gje komplikasjonar som kan trenge full akuttberedskap inklusive anestesilege, ikkje kan utførast ved institusjonen.

Legerådet ved Nordfjord Sjukehus er svært bekymra for konsekvensen av den utviklinga vi no ser. Når det operative ortopediske tilbodet og beredskap for operativ forløysing på fødeavdelinga forsvinn, vil den tryggleiken som sjukehuset har representert, bli sterkt svekka. Turnuslege-tenesta vil ikkje kunne godkjennast i ein slik institusjon, noko som vil verke negativt inn på rekruttering til primærhelsetenesta i Nordfjord., samt gjere det umogeleg å ha døgnkontinuerlig vakt for medisinske pasientar.

Vi er bekymra for at dei innsparingane som helseføretaket reknar med, ikkje er realistiske. Det viser seg ofte at innsparingane ved samanslåing av sjukehus ikkje blir som forventa. Førde Sentralsykehus må opprustast og byggjast ut for å overta dei funksjonane som no finst på lokalsjukehusa, og transportutgiftene vil auke, i tillegg til ein auke i pasientlekkasje til andre helseføretak. Risikoen er stor for at dei fieste spesialistane som arbeider ved Nordfjord Sjukehus, vil slutte i helseføretaket, og dette kompetansetapet vil det ta lang tid å erstatte.

Denne fråsegna vert no sendt til den politiske leiinga og Fylkeslegen som ei bekymringsmelding. Det skal ikkje vere noko tvil om at vi som har vårt daglege arbeid ved Nordfjord Sjukehus, både ved intern og ekstern påverknad mot administrasjon og sentrale tillitsvalde lenge forgjeves har forsøkt å påverke dei mange prosessane vi har hatt, for å unngå den utviklinga vi no dessverre ser realitetane av. Dersom det går som skissert, vil Nordfjord Sjukehus vere nedlagt innan kort tid.

Legerådet ved Nordfjord Sjukehus
060910
Berg Henrik, Dahlen Magnus, Heiddal Siggurdur, Humborstad Kristian, Jernbert Arne, Kløtz Rene, Kvist Henry, Larsson Bengt Erik, Pettersson Mats, Richter Arina, Santander Godofredo, Sek Leslaw m.fi, overleger.

• Fråsegna er m.a. lagt ut på Helse Vest sine sider, klikk her eller på overskrifta for å sjå originaldokumentet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar