fredag 22. oktober 2010

Ungdomsopprør: Skriv under brevet til helseministeren (for aldersgruppa 13-19 år)


Ungdomsrådet i Lærdal har starta underskriftskampanje, som er lagt ut både på Facebook og underskrift.no. Kampanjen er retta mot ungdom i alderen 13 til 19 år (det er berre deira underskrifter som skal samlast no).

Ungdomsrådet (og sjølvsagt Forsvar Lærdal sjukehus) oppmodar alle i alderen 13-19 år om å signere dette oppropet:

Kjære Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen!

Som ungdom i Indre Sogn, og som Indre Sogn si framtid er det klart at me har engasjert oss i den viktige sjukehussaka. Gjennom heile den tida ungdomen har vore engasjert i saka har me vore klare på ein ting: Skal Indre Sogn ha ei framtid, så må me ha sjukehuset vårt!

Etter endt utdanning står me ungdommar framføre mange viktige val i livet. Eit av dei er at me skal velja oss ein stad å bu. Dersom det vert slik at me kanskje må føda ungane våre i ein ambulanse på veg til Førde, eller dersom me må reisa i timevis når ungane våre har brote foten, ja då vel me ikkje Indre Sogn som vår bustad!

Ein jobb vil me også ha. Lærdal sjukehus rommar arbeidsplassar i hundretal, og det vil verta ein lokal katastrofe dersom sjukehuset vert nedlagd. Me har ikkje råd til å miste så mange arbeidsplassar.

Ei nedlegging er i strid med det du, og dine regjeringsmedlemmar, lova oss i Soria Moria 2. Nærleik til akuttberedskap og fødetilbod, oppretthalda dagens desentraliserte sjukehusstruktur, ikkje leggja ned lokalsjukehus, bidra til å styrke utkantane.

Ungdomen i Indre Sogn har inga lit til Helse-Førde-styret. Me set vår lit til deg, Kjære Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Hugs kva du lova oss i Soria Moria 2. Hugs kva du skreiv til ungdomsrådet i Lærdal i sumar. Vær så venleg, ta ikkje ifrå oss tryggleiksbasen vår!


• Klikk her eller på overskrifta for å sjå underskriftslista og signere
• Finn Lærdal Ungdomsråd på Facebook ved å klikke her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar