AVISA SUNNHORDLAND 14. JANUAR 2013
Stort engasjement for Valen
Mange hundre personar møtte opp ved Valen skule i ettermiddag, for å visa sin støtte til Valen sjukehus.
Bakgrunnen for aksjonen er Helse Fonna sitt vedtak om å flytta dobbeldiagnoseavdelinga frå Valen sjukehus til Haugesund.
Det medfører at sjukehuset i Kvinnherad mister meir enn 30 arbeidsplassar.
Marie Schille heldt den første appellen, og oppmoda politikarar på alle styringsnivå om å gjera sitt for å få vedtaket om å flytta Post A omgjort.
– Det blir sagt at her skal fag gå føre lokalitet. Men her er lokaliteten ein del av faget, sa Schille og viste til Valen sjukehus sine omgjevnader, og det arbeidet som blir gjort av ergoterapautane ved sjukehuset.
Seansen blei avslutta med fakkeltog rundt sjukehuset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar