søndag 28. oktober 2012

Skunda seg for å bli født på Nordfjord sjukehus

FJORDABLADET 26.09.2012

Skunda seg for å bli født på Nordfjord sjukehus

Vesle Theo Sebastian frå Vågsøy skulle eigentleg ikkje kome til verda før 12. oktober. Men natt til søndag bestemte han seg for å bli født ei veke før Nordfjord sjukehus legg ned fødeavdelinga.



Både mamma Isabelle Rajeswaran og Ole Petter Bugjerde er glade for at fødselen gjekk heilt fint, og at dei no har bak seg fire dagar på Nordfjord sjukehus. For eigentleg hadde dei sett føre seg ein tur over Stigedalen til Volda, då Isabelle hadde termin 12. oktober, etter at fødeavdelinga i Nordfjord blir lagt ned måndag 1. oktober.
Kortare reise
For det nybakte foreldreparet frå Måløy vart no reisetida til sjukehuset likevel halvert, då riene tok til å melde seg natt til søndag. Likevel hadde dei god tid på sjukehuset før Theo Sebastian vart fødd søndag kveld.
Måndag er det heilt slutt på fødslar på Nordfjord sjukehus. Dei fleste fødande frå Nordfjord blir sendt til Volda, og kan velje å reise tilbake til Eid for barselomsorg.

Sparer ingen ting

Avdelingsjef ved Kvinneklinikken ved Helse Førde, Tom Guldhav, seier at intensjonen ikkje er å spare pengar ved å leggje ned fødeavdelinga på Eid.
- Det er feil å tru at det er sparekniven som har ført til denne omorganiseringa, seier Guldhav. Han begrunnar omorganiseringa med at det er uråd å få tak i nok faste gynekologar til fødeavdelinga på Eid.
- I dag har vi to faste gynekologar ved Nordfjord sjukehus, og i framtida må der vere fire til seks faste gynekologar. Vi ser det som uråd å skulle rekruttere så mange gynekologar til sjukehuset på Eid, seier Guldhav som meiner at det tilbodet som dei fødande får no er like trygt som før.
- Det er slik at dei fleste uventa komplikasjonar skjer under fødslar som går for langsamt framover. Ved dei kjappe fødslane som kjem brått på er det veldig sjeldan at uventa komplikasjonar dukkar opp. Vi har tru på at dei som opplever at noko uventa skjer, rekk fram til sjukehuset i Volda i tide, påpeikar Guldhav som i dag var til stades på Nordfjord sjukehus, fire dagar før dei fødande i Nordfjord må reise over fylkesgrensa for å føde.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar