FJORDABLADET 7. NOVEMBER 2013
HØIE LEGG PRESS PÅ HELSEFØRETAKA
POLITIKK: − Eg reknar med at både styret i Helse Førde og styret i Helse Vest vil legge vekt dei vektige argument for dagkirurgi som har kome inn i høyringsrunden, før dei trekkjer sine konklusjonar.
Bernt Høie (H), helse- og omsorgsminister. (Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.)
Dette sa helse- og omsorgsminister Bernt Høie då han svarte på spørsmål om det bør vere dagkirurgi ved utviklingsprosjektet «Framtidas lokalsjukehus».
Under spørjetimen i Stortinget onsdag stilte Kjersti Toppe (Sp) spørsmål til helse- og omsorgsministeren om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Utan å vere konkret, gjekk statsråd Høie langt i å støtte opp under konklusjonane i følgjeforskinga på dette området og innspel som Helse Nord har kome med i høyringsrunden.
Kirurgisk dagaktivitet
I sitt siste spørsmål til helseminister Høie viste Kjersti Toppe til at helse- og omsorgsministeren i ein replikkrunde under trontaledebatten ikkje ville klargjere om han støttar at det er viktig med akuttkirurgi som ein del av akuttfunksjonen ved lokalsjukehus.
− Eg kunne tenkje meg å spørje om helse- og omsorgsministeren ser at her er det veldig vektige argument for at lokalsjukehus iallfall må ha kirurgisk dagaktivitet for òg å nyttiggjere seg av anestesiressursen som Stortinget har vedtatt skal vere ein del av minstenorma ved lokalsjukehus?, spurde Kjersti Toppe.
Vektige argument
− Det er vektige argument for det som representanten Kjersti Toppe her tek opp. Det er kome fram vektige argument gjennom det forskingsarbeidet som er gjort, og som tek for seg kva som er behovet for befolkninga i den konkrete regionen. Så er det også kome vektige argument, ikkje minst frå ein av helseregionane som har mange lokalsjukehus, Helse Nord, som argumenterer etter dei same linjene som representanten Toppe gjer. Det er vektige argument som eg reknar med at både styret i Helse Førde og styret i Helse Vest vil legge vekt på før dei trekkjer sine konklusjonar og rapporterer tilbake til departementet, sa helse- og omsorgsminister Bernt Høie.
Heile ordvekslinga og kommentar til saka kan du lese i Fjordabladet laurdag
• LES SAKA PÅ FJORDABLADETS NETTSIDER VED Å KLIKKE HER
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar