tirsdag 16. juni 2009

Samhandlingsreforma: Dei små kommunane vil tape


NRK SOGN OG FJORDANE I Bergens Tidende (18.5.2009) åtvarar professor Terje P. Hagen ved Universitetet i Oslo mot den nye samhandlingsreforma som regjeringa vil gjennomføre.

- Midlane tilbakeført til sjukehusa
For ifølgje Hagen vil ikkje reforma fungere slik helseminister Bjarne Håkon Hanssen ynskjer.
Hagen seier dei små kommunane vil tape på reforma. Grunnen er at kommunane ifølgje Hagen må betale 20 prosent av sjukehusinnleggingane til kvar pasient frå kommunen når reforma kjem.

I realiteten meiner Hagen at 95 prosent av midlane kommunane får tilført til auka satsing på helsetenester vil bli tilbakeført til sjukehusa.

Hagen seier vidare at sidan kommunane ikkje kan påverke talet på sjukehusinnleggingar, vil dei heller ikkje kunne kontrollere økonomien.

Skepsis også i SINTEF
Også forskar ved SINTEF Helse, Birgitte Kalseth er skeptisk.
- Utfordringa for dei små kommunane er at dei har avgrensa økonomisk styrke til å finansiere enten auka eller spesialisert aktivitet sjølve, seier Kalseth.

- Utfordring
Olav Lunden i KS ser dei økonomiske utfordringane professor Hagen peikar på. Men han trur ikkje reforma vil råke pasientane.
- Eg ser klart at det er utfordringar for små kommunar. Men då må ein utfordre dei på å forsterke og forbetre kommunehelsetenesta vår slik at vi kan behandle pasientane nærare heimstaden sin enn i dag, seier Lunden.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar