tirsdag 16. juni 2009

Samhandlingsreforma: Fagfolk skeptiske til ny Hanssen-resept


BERGENS TIDENDE Statsråd Bjarne Håkon Hanssen skal løyse problema i Helse-Noreg med ei ny reform. Men fagfolk og brukarar har lite tru på medisinen til Helse-Hanssen.

- Han meiner det nok godt, Bjarne Håkon Hanssen. Men då eg høyrde om den nye helsereforma, tenkte eg: No igjen!

Sukket kjem frå Bjørg Holm, leiar for Handikappforbundet på Voss. Ho er ikkje den einaste skeptikaren til den nye samhandlingsreforma.
Dette kjem fram i ein ringjerunde til ei rekkje fagfolk og pasientorganisasjonar på Vestlandet.

- Ny reform, utslite personale
- Helsereforma i 2002 var ingen suksess. Kva skal vi med endå ei? Forventningane er ikkje store blant pasientar og kronikarar, seier Holm.
- Det er sikkert mange flinke folk med i ekspertpanelet, men også der snakkar dei nok mykje om og lite med dei det gjeld.

Også Rune Larsen, anestesilege og styremedlem i Helse Førde, har små forventningar til ei ny reform.
- Den førre løyste ikkje problema, og eg har heller ikkje tru på at den nye vil gjere det. Det er så mange fine ord og intensjonar, og politikarane er flinke til å auke forventningane mellom folk flest, seier Larsen.
- Men både i Helse Førde og andre føretak opplever eg at dei tilsette er oppgitt. Ressursar blir flytta frå pasientbehandling til administrasjon, og personalet blir i veldig liten grad tekne vare på. Vi står på kanten av ein ny reform med eit utslite personale.

• Les heile saka i BT på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar