lørdag 5. september 2009

- Dårleg planlegging og for låg bemanning



FJORDABLADET – Norsk Sykepleierforbund (NSF) i Sogn og Fjordane har aldri før opplevd så stor kollektiv frustrasjon, motløyse og resignasjon på situasjonen i Helse Førde.
Dette skriv Oddgeir Lunde, fylkesleiar NSF Sogn og Fjordane, i ein kommentar til situasjonen som oppstod ved Lærdal sjukehus onsdag.

– NSF Sogn og Fjordane sine medlemmar ved Lærdal sjukehus står på natt og dag for at pasientar og pårørande skal få eit godt fagleg tilbod. Sjukepleiarane prøver etter beste evne å etterkomme krav, direktiv og pålegg frå administrasjonen i Helse Førde. Når det gjeld omlegging av drift og lovleg fatta vedtak, følgjer sjukepleiarane dei pålegg dei får. Sjukepleiarar ved Lærdal sjukehus beskriv ein arbeidssituasjon som nærmar seg det ein kan kalle kaos og rot. Klinikkdirektør ved medisinsk klinikk i Helse Førde får kritikk for manglande informasjon og tilrettelegging ved stadige omorganiseringar. Fråvær av vaktberedskap på grunn av at ein sjukepleiar vart sjukmeld etter eit uhell, kan ikkje kallast for noko anna enn dårleg planlegging og alt for låg bemanning ved Lærdal sjukehus, skriv Lunde.

Frustrasjon
Lunde peikar vidare på at når media har fokusert på planlagd «aksjon» ved Lærdal sjukehus, så har det påført den uheldige sjukepleiaren og arbeidskollegaer ei unødig belastning.
– Dei er med urette vorte hengt ut som dårlege arbeidstakarar. NSF sine medlemmer set pasienten si velferd og helbred først. Sjukepleiarane sin arbeidssituasjon i Helse Førde er mange stader kritikkverdig og ikkje i samsvar med arbeidsmiljølova. Hald kjeft og jobb er mange stader omkvedet. Dette må det verte slutt på. Lærdal sjukehus sine tilsette sjukepleiarar sitt varsko kan gjelde i heile Helse Førde. Dersom ikkje Jon Bolstad og co snart tek ansvar for dei tilsette sin arbeidssituasjon både i Lærdal, Eid og ikkje minst ved Førde Sentralsjukehus står føretaket snart overfor ei stor bemanningskrise. NSF har aldri før opplevd så stor kollektiv frustrasjon, motlause og resignasjon på situasjonen i Helse Førde. Dette må politikarar, fylkeslegen, styret og administrasjon i Helse Førde ta på alvor. Det som er trist, er at eg trur ikkje dei bryr seg, skriv Oddgeir Lunde.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar