onsdag 1. april 2009

Førde Ap: - Helse Førde må få kutte


NRK SOGN OG FJORDANE Førde Arbeidarparti er rasande på stortingsbenken, og krev at Helse Førde må få lov å kutte ved lokalsjukehusa.

Gruppeleiar i Førde Arbeidarparti og fylkestingsrepresentant Jorunn Eide Kirketeig meiner stortingspolitikarane øydelegg for Helse Førde.

- Fått betre helsetilbod
- Det er utidig at stortingsrepresentantane blandar seg inn, og raljerer med styremedlemmene som berre prøver å gjere ein jobb. Det ville vore betre om dei prøvde å løyse opp i bindingane som ligg der, seier Eide Kirketeig.
Førde Arbeidarparti er rasande på stortingsbenken frå fylket. Partiet krev at Helse Førde må få lov å ta vekk funksjonar ved lokalsjukehusa.

Bad styret om å trekkje seg
I går sa Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet at styret bør trekkje seg om dei meiner Helse Førde ikkje har pengar nok.
- Hadde det vore noko tak i medlemmene i styret hadde dei gjeve ein klar beskjed oppover i systemet, og teke hatten sin og gått, seier Starheim.

Kirketeig reagerer sterkt på at stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet i går ba Helse Førde styret om å kaste korta for å synleggjere alvoret.
- Det har vore innblanding frå alle kantar heile vegen når styremedlemmene har prøvd å gjere ein jobb.

Tek ikkje kritikken
I dag er mellom anna fødeavdlelinga i Nordfjord og den forsterka fødestova i Indre Sogn freda av helsedepartementet, i tillegg får ikkje Helse Førde lov til å selge sjukehusbygningen i Florø.

Eide Kirketeig meiner Helse Førde må få kutte som dei vil ved lokalsjukehusa.
- Vi sit igjen med eit sentralsjukehus som nesten ikkje er eit sentralsjukehus, seier ho.

Men stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet støttar bindingane til Helse Førde, og seier dei er resultat av vedtak som gjeld for heile landet.
- Det skal vere ein nærleik til akutt - og fødetilbod, og det trur eg alle er samde i. Det er avgjerande for geografien i fylket, seier Sande.

• Les saka (og diskusjonen) på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar