NRK SOGN OG FJORDANE 10.12.2012 Det har vore ein tøff og vanskeleg omstillingsprosess for dei tilsette ved Nordfjord sjukhus.
Etter at regjeringa la ned fødetilbod og ortopedi, vart sjukehuset del av eit pilotprosjekt kalla framtidas lokalsjukehus.
Etter 25 år som sjukepleiar, klarte ikkje Vigdis Bjørhovde å halde fram i jobben.
– Eg føler at eg ikkje lenger kan vere ein del av det som no skjer ved Nordfjord sjukehus. Eg har rett og slett sagt opp stillinga mi, seier Bjørhovde.
Tøft og vanskeleg
Ho er ein av dei tilsette ved sjukehuset, som har opplevd omstillingsprosessen i Helse Førde som tøff og vanskeleg.
Gjennom sine 25 år ved sjukehuset i Eid, var ho med på å byggje opp ei overvakingsavdeling.
– Eg føler at vi har teke oss skikkeleg godt av pasientane våre, seier Bjørhovde og meiner avdelinga og grunnpilarane til sjukehuset har smuldra vekk gjennom omlegginga.
Får 75 mill. kroner
– Det som er i ferd med å skje på sjukehuset i Eid, står faktisk for meg som ei rein katastrofe for innbyggjarane i Nordfjord, held Bjørhovde fram.
Samstundes som regjeringa la ned både ortopedi og fødetilbod, har Helse Førde fått 75 millionar kroner for at kronikarar og dei som nyttar sjukehuset ofte, skal ha tilbodet nært gjennom utvikling av framtidas lokalsjukehus.
– Folk er slitne
Tillitsvald i sjukepleiarforbundet, Oddlaug Lyslo, seier dei har vanskar med å forstå alle endringane.
– Det blir teke vekk fleire og fleire funksjonar. Vi har kanskje hatt problem med å sjå at det skal vere framtidas lokalsjukehus. Stemninga er trist. Folk er slitne og det er mange lagnader i kjølvatnet av denne omstillinga som har skjedd, seier ho.
Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier det ofte kostar å ligge i forkant.
– Slik skal det vere
Bolstad seier engasjement og kritiske spørsmål ved omstillingane er normalt ved så store omveltingar som det Helse Førde no har vore igjennom.
– Slik skal det vere, og slik må det vere. Det som er viktig er at vi på ein måte rører oss, at vi har ein retning på det vi driver på med. Så må vi bruke ein masse tid på våre tilsette. Det er trass alt dei som skal vere tilbodet, dei som skal levere kvalitet, det er dei som skal utgjere den kompetansen, seier han.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar