tirsdag 24. mars 2009

Tillitsvalde kritiserer Helse Førde


FIRDA Hovudverneombod og tillitsvalde med sterk kritikk om budsjettprosessen i Helse Førde.

– Tida frå informasjon blir gitt til vedtak skal fattast er for kort, slik at tillitsvalde og verneombod ikkje får høve til å kommunisere med dei ein representerer.
Det skriv Inger Johanne Sætenes, Ftv Delta Helse Førde i ei pressemelding som er signert av seks ulike fagforeiningar i Helse Førde og hovudverneombod Guri Handeland.

Ambulansekutt
Fredag skal styret handsame framlegga til nye sparetiltak. Måndag denne veka vart det kjend gjennom media at helseføretaket planlegg fleire kutt i ambulanseberedskapen i fylket, samstundes som dei fleste kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn går saman i eit legevaktsamarbeid.

"I prosessen rundt revidert budsjett 2009 har det ikkje vore særleg medverknad frå tillitsvalde og verneombod på avdelings-/klinikknivå frå starten av" skriv dei tillitsvalde, som viser til at både Arbeidsmiljølova, tariffavtalar og internt omstillingsdokument for Helse Førde understrekar at tilsette gjennom drøftingsplikta skal ha reell påverknad.

- Brot på drøftingsplikta
– Får vi ikkje høve til å påverke, er det eit brot på drøftingsplikta, seier dei tillitsvalde.

I pressemeldinga skriv dei at styredokumenta i Helse Førde er komne ut før informasjons- og drøftingsmøta er gjennomført med tillitsvalde og verneombod.

– Vi ser at det er krevjande med dei store økonomiske utfordringane som Helse Førde har, men vi som representerer dei tilsette og skal motivere dei til å delta i omstillingar, MÅ vere med for at slike prosessar skal lykkast. Elles er dette å sjå på som eit brot på lov og avtaleverk, står det i pressemeldinga.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar