mandag 5. oktober 2009

Sogn Avis: Ap må få ein oppstrammar!


Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal, Sogn Avis.

Jan Bøhler, som er helsepolitisk talsmann for Arbeiderpartiet, har skapt bølgjer i Distrikts-Noreg dei siste dagane. Den veltrente osloborgaren har opna for tiltak som kjem til å bety nedlegging av lokale sjukehustilbod. Rett nok har mannen, både i radiodebatt med partikollega Grete Fossum i Her og nå og i andre samanhengar, freista å nyansera sitt opphavlege utspel, men det har likevel festa seg eit inntrykk av at det største regjeringspartiet ikkje vil lokalsjukehusa våre vel i den komande regjeringsperioden.

Dette handlar i første rekke om avstand til livsnødvendig akuttberedskap og kva fødetilbod me skal ha rundt om i landet. Når det blir antyda at Ap kan vera villige til å gå vekk frå formuleringar i Soria Moria 1, som garanterte at ingen lokalsjukehus skulle rørast, er det sjølvsagt all mogeleg grunn til å reagera.

Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid reagerte sterkt då NRK melde at sokalla sterke krefter i Helse Førde sitt styre vil ta den forsterka fødestova frå sjukehuset i Lærdal. Ordføraren i Ap-bastionen har langt større grunn til å slå i bordet i forhold til utspelet frå Bøhler. Dersom Ap i dei pågåande regjeringsforhandlingane vil pressa gjennom formuleringar som opnar for ei rasering av lokalsjukehusa, må Lægreid og andre Ap-ordførarar frå distrikta slå i bordet og stramma opp moderpartiet.

Og korleis skal det gå med den raudgrøne regjeringa? Det kan ikkje vera mogeleg for Senterpartiet å leva vidare i ei regjering som vil gjera helsetilbodet til sjuke og eldre rundt om i distrikta dårlegare enn det er i dag.

Dette handlar sett ikkje berre om lokal patriotisme og manglande vilje til nytenking. «Alt kan ikkje vera som før», seier Bøhler når han argumenterer for sentralisering av helsetilbodet til dei store sjukehusa i dei store byane.

Sanninga er at dette landet i framtida vil trengja fleire – ikkje færre – oppegåande sjukehus kringom i heile landet. Eldrebølgja som vil velta innover oss med full kraft om mindre enn 10 år, og som berre vil auka i styrke i åra som kjem vil berre gjera situasjonen i helsevesenet dramatisk mykje verre.

Alt tyder med andre ord på at det må brukast naudsynte ressursar på å oppretthalda lokalsjukehusa rundt om i heile landet med både akuttberedskap og fullverdige fødetilbod. Men skal ein makta å gjera det, og rekruttera personell – både sjukepleiarar og legar så må snarast all uvisse rundt lokalsjukehusa si framtid ryddast vekk. Er det rart lokalsjukehus må nytta svindyre vikarordningar når det berre går veker mellom kvar gong framtida er i spel?

Det er heilt uakseptabelt om Arbeiderpartiet bidreg til meir uvisse i komande regjeringsperiode.

• Les leiaren i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar