torsdag 7. april 2011
NASJONALT LO-OPPROP FOR LOKALSJUKEHUSA!
LO INDRE HARDANGER Styret og representantskapet i LO i Indre Hardanger har samrøystes tatt initiativ til dette oppropet for å leggje press på regjeringa og stortinget for å sikre ei god og varig løysing for lokalsjukehusa i Norge.
Vi inviterer alle LO-avdelingar i by og land til å slutte seg til dette oppropet. Oppropet blir i slutten av april sendt regjeringa v/statsminister Jens Stoltenberg og helseminister Anne Grete Strøm Erichsen, alle stortingspartia og leiinga i LO.
Oppropet blir offentleggjort på 1.mai-dagen frå alle dei LO-avdelingar som har slutta seg til.
Gje tilbakemelding om tilslutning til dette oppropet på vår postadresse over eller via e-post terje.kollbotn@gmail.com innan 15.april 2011. Namn og adresse på leiar må og vere med. Helsing LO i Indre Hardanger v/ Terje Kollbotn, leiar (tlf. 97194073)
Til Den norske Regjering og Storting
Underteikna LO-avdelingar viser til det brennande engasjementet for lokalsjukehusa i heile distrikts-Norge. Lokalsjukehusa er hjørnesteinar i helsevesenete i distrikts-Norge. Lokalsjukehusa reddar liv.Vi krev no ein ny nasjonal helsepolitikk som sikrar eit godt offentleg helsevesen for både by og land. Vi treng både ei styrking av lokalsjukehusa og eit betre samspel mellom store og små sjukehus.
Vi krev difor at den medisinske og kirurgiske akuttberedskapen og fødetilbodet ved lokalsjukehusa blir halde oppe på eit fullt ut forsvarleg nivå.
Vi krev gode og langsiktige rammer for å utvikle fullverdige lokalsjukehus som sikrar trygge og nære helsetenester. Dette krev ein ny nasjonal helsepolitikk der den bedriftsøkonomiske foretaksmodellen blir erstatta av offentleg forvaltning og folkevalgt styring Vi treng ein ny helsepolitikk ut ifrå behova til befolkninga i hele landet!
• Sjå oppropet ved å klikke her eller på overskrifta
• Sjå òg saka "LO Indre Hardanger i spissen for sjukehusopprør"
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar