søndag 3. april 2011

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp): - Er forbanna over sviket


FJORDENES TIDENDE Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) er sint, skuffa og uvanleg klår i talen.

Stortingsrepresentanten frå Davik er uvanleg klår på at det som no skjer med Nordfjord sjukehus er stikk i strid med det eige parti har lovd veljarane, og at det er stikk i strid med det dei tre raudgrøne partia skriv i Soria Moria 2 om nærleik til føde- og akuttilbod og at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.

Sande har tidlegare sagt at han ikkje vert å finne på Senterpartiet si liste til stortingsvalet i 2013 om dei held fram i ei regjering som legg ned sjukehus.
– No skal eg vere forsiktig med å seie at dette er ei nedlegging av Nordfjord sjukehus, men fødeavdeling og ortopedi er så viktige tilbod at eg framleis vil vurdere å takke nei til å stå på Sp si liste om to år, om eg vert spurt, seier Sande.

Fødande kvinner
Sande seier at det som det no vert lagt opp til er eit svik mot fødande kvinner i heile Nordfjord.
– For meg er eit sjukehus utan fødetilbod knappast å rekne som eit sjukehus. Dette har med tryggleiken til og respekten for fødande kvinner i heile Nordfjord, seier Sande.

Han seier han er forbanna og fortørna over Arbeidarpartiet som tvingar gjennom dette no før Nasjonal helseplan har vore oppe til behandling i Stortinget.
– Det blir på mange måtar å levere svaret lenge før reknestykket er ferdig og så endre fasiten i tråd med det svaret ein er kome fram til, seier Sande.

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

• Les heile saka og meir om nedbygginga av Nordfjord sjukehus i papirutgåva av Fjordenes Tidende måndag 4. april. Pdf-utgåva av avisa kan du kjøpa elektronisk, klikk her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar