fredag 1. april 2011

Nordfjord: Demonstrerte mot føde-nedlegging


NRK SOGN OG FJORDANE Omlag 500 personar møtte opp for å vise motstand mot nedlegginga av fødeavdeling ved Nordfjord sjukehus.

I dag tok regjeringa avgjerd i den betente sjukehustriden her i fylket. Vedtaket innebærer at den medisinske akuttfunksjonen skal oppretthaldast, men Lærdal mistar gynekologen ved den forsterka fødestova og vert vanleg fødestove.

Også fødeavdelinga på Nordfjordeid vert omgjort til fødestove. Nordfjord sjukehus mistar også ortopedien.

– Ned med Ap
Demonstrasjonen kom i gang på få timar då det gjekk rykte om at media skulle vere ved operahuset på Nordfjordeid. Dette spreidde seg kjapt gjennom sosiale medium som Facebook og Twitter.

Mange av dei som hadde møtt fram ropte «Ned med Arbeidarpartiet» og det vart sunge «Ja, vi elskar.»

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

1 kommentar:

  1. På tide at vi som bur utanfor fylke også knytter oss til nettverket. 2-3 timer å reise er minst 1-2 timer for langt. Ingen fra Nordfjord kan stemme på slike politikere med sin ære i behold. STÅ OPP!

    SvarSlett