tirsdag 16. desember 2008
Fylkesvaraordførar til helseforetaket: Håpar de er ærlege no
FIRDA Måndag ettermiddag inviterte Helse Førde kommunane og politikarar til orienteringsmøte om 2009-budsjettet.
Storinvesteringar må vente
Helse Førde skal spare 68 millionar i 2009 for å komme i balanse. Dette vil seie at sluttresultatet til neste år skal bli 40 millionar i minus.
Investeringar vert skubba på grunna Helse Førde sin økonomiske situasjon. Dei vil gå med kring 120 millionar kroner i minus i 2008. Fram mot 2013 vert investeringsplanane halverte, opplyser dei. Utviding av psykiatrien og psykoseposten i Sunnfjord og ytre Sogn er investeringar som ikkje vert gjennomført i 2009.
– Ærlege?
Fylkespolitikar Tor Bremer (Ap) synest innsparingane Helse Førde la fram verka udramatiske. Helse Førde legg mellom anna opp til å spare på avskrivingar, gjestepasientar og kjøkkenteneste, til saman ca 68 mill.
– Håpar de er ærlege om utfordringane vi står framfor, sa han på møtet.
Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier at dei synest dialog og det å vere ærleg er viktig. Han legg ikkje skjul på at uventa kostnader kan dukke opp langs med, noko som kan endre den økonomiske situasjonen.
– Vi har nok eit tøft år framfor oss, seier han.
• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar