onsdag 10. desember 2008
Føden på Stord vert ikkje stengd neste sommar
SUNNHORDLAND Fødeavdelinga på Stord sjukehus vert ikkje stengd neste sommar, slik leiinga vurderte. Ei lur avgjerd. Sjølv om 3.500 Facebook-aksjonistar og 5.000 underskrifter ikkje var avgjerande for utfallet, skal me tru styreleiar Toralv Mikkelsen, så trur me likevel det har vore vanskeleg for leiinga å gå imot folket på grasrota, og dermed be om endå meir bråk. Gravide og ammande småbarnsmødrer er ikkje til å spøkja med, og me vil nytta høvet til å rosa engasjementet til Monica Litlabø, Henriette Matre og venninnene deira. Dei har brukt mange timar på aksjonen dei siste vekene, trass i at dei ikkje har planlagt fleire ungar. - Me gjer det for dei som kjem etter oss, og ikkje minst for dei som bur lenger ute i distrikta, som i Kvinnherad og på Tysnes, fortalde kvinnene då Sunnhordland som første avis skreiv om saka, for snart ein månad sidan.
(…)
MEN DET vil vera å tru på julenissen at dette betyr varig vern av fødeavdelinga og andre funksjonar ved sjukehuset vårt. Neste år skal leiinga i Helse Fonna ha ein total gjennomgang av kva pasientar og diagnosar dei skal behandla ved dei ulike sjukehusa i helseføretaket. Plan for somatikk skal opp til endeleg styrebehandling på tampen av neste år, og leiinga lovar at planen skal byggja på brei fagleg dokumentasjon, med involvering av tillitsvalde, verneombod, brukarar og andre samarbeidspartnarar. Med historia og det som har skjedd i haust friskt i minne, så vil det truleg bli nye Facebook-aksjonar, underskriftsaksjonar, folkemøte og protesttog alt neste haust
• Les resten av leiaren i avisa Sunnhordland ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar