tirsdag 16. desember 2008

Fekk lovnad om ferieopen fødestove


SOGN AVIS Den forsterka fødestova i Lærdal vil neppe bli feriestengd i 10 veker. Det stadfesta administrerande direktør Jon Bolstad på eit dialogmøte i Helse Førde i går.

– Slik eg oppfatta Bolstad, blir det ikkje aktuelt å stengja fødestova i Lærdal i periodar. Slik sett er eg letta, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Øien Hauge stilte spørsmål om feriestenging av fødestova på bakgrunn av svært insisterande rykte om ei feriestenging i 10 veker. Dette var i følgje Bolstad lite ønskjeleg, då dei ikkje ville ha eit slikt av og på tilbod. Men det handla om bemanning.

65 millionar
Helse Førde presenterte budsjettet for 2009 på møtet i går. Det som er klart, er at føretaket må få ned kostnadene med 65 millionar kroner. Øien Hauge oppfatta tiltaka som lite konkrete og seier ho ottast for tiltaka som kan koma.

– Når det gjeld Lærdal, er eg spesielt uroa for fødestova, overvaking og røntgen. Når det gjeld spørsmålet om bemanning, så er bemanningsproblema ved fødestova eit resultat av omlegginga og stadige spørsmål rundt framtida for føden. Me må ha med oss historia her, det var åtte personar som sa opp etter omlegginga. Under normale tilhøve hadde me hatt den naudsynte bemanninga i Lærdal, seier Øien Hauge.

Initiativ
Ordførar Arne Sanden i Lærdal er godt nøgd med møtet i Førde.
– Det er klart me var litt skeptiske på førehand på grunn av rykta som gjekk rundt fødestova. Då var det godt å få konstatert at Bolstad var klar på dette. Slik eg forstår dette, så er noko av utfordringa å rekruttera folk. Her har me i Lærdal alt gjort ein jobb når det gjeld rekruttering av helsepersonell til kommunen. Eg vil her ta eit initiativ like etter nyttår og invitera til eit samarbeid slik at me får på plass kvalifisert personell til fødestova.

Tillitskapande
Fylkesvaraordførar Tor Bremer gav på møtet ros til Helse Førde for at dei ville legga vekt på tillitskapande arbeid.
– Det er naudsynt å styrka dette arbeidet framover. Skal me koma vidare og få utvikla eit godt helsetilbod, må me dra i same retning og ha tillit til et arbeidet som blir gjort.

Bremer sa det var viktig at Helse Førde var opne på utfordringane med ei kuttliste på 65 millionar.
– Tilsynelatande var dette til å handtera. Men når du skal kutta så mykje, så er det fort at nokre grupper må ta ei ekstra bør. Her er det viktig at Helse Førde er opne på kven som må ta rekninga til sjuande og sist. Då er det greitt å invitera til dialog, slik som på dette møtet. Framleis er situasjonen i stor grad prega av monolog.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar