onsdag 18. november 2009

Nær sal av Florø sjukehus


Helse Førde skriv på sine nettsider (Arne Eithun 17.11.2009):

Helse Førde og Flora kommune er samde om ein intensjonsavtale som inneber at sjukehusbygget i kystbyen blir overdrege til kommunen.

Føretaket og kommunen har over tid hatt fleire tingingar for å bli samde om ein avtale. Måndag ettermiddag kunne eit samrøystes formannskap i Flora slutte seg til avtaleutkastet som administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad og ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal, hadde lagt fram.

God løysing
- Det er dette vi har ønskt å få til heile tida, og eg er veldig glad for at vi er nærmare ei løysing enn nokon sinne, seier Bolstad.
Han meiner dette er ei fornuftig løysing for begge partar.
- Det hadde vore trist om eit så stort bygg berre skulle forfalle når vi ikkje har behov for det. Ei overdraging til Flora vil tene både byen og innbyggjarane på ein annan måte, og eg trur kommunen er den rette aktøren til å utvikle bygget vidare.

5 millionar
Flora kommune må betale 5 millionar kroner for bygget, samstundes som Helse Førde får gratis husleige i inntil ti år.
- Eg er veldig glad for at vi er komne så langt, og denne avtalen er god for Flora. Føretaket har gått litt ned i pris, og vi har aksepterte eit noko høgare prisnivå enn tidlegare i prosessen. Vi håpar sjølvsagt at vi kjem heilt i mål med avtalen, seier ordførar Bente Frøyen Steindal.

Det er føretaksmøtet i Helse Vest som endeleg skal godkjenne salet, medan saka skal handsamast i Flora bystyre i desember.

• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar