onsdag 23. mars 2011

Framlegg til uttale om lokalsjukehus - SV sitt landsmøte


U60: Lokalsjukehus

Forslagsstiller: Lærdal SV, Eid SV, Sogn og Fjordane SV, Hordaland SV og Møre og Romsdal SV

Trygge helsetilbod – ikkje utan lokalsjukehus

Eit godt , sikkert og nært sjukehustilbod er ei avgjerande livsnerve for busetnad og arbeidsliv i deler av landet. Innbyggarane har rett på eit likeverdig helsetilbod uavhengig av kor ein er busett.

For å nå målet om eit likeverdig helsetilbod i heile landet l treng Noreg ein variert sjukehusstruktur. Lokalsjukehus med god breiddekompetanse kan ta seg av vanlege sjukdomar og skader samt normale fødslar. Større og meir sentraliserte sjukehus må gje tilbod om avansert og spesialisert behandling.

Lokalsjukehus bør som hovudregel ha indremedisin, kirurgi, anestesi og støttefunksjonar innan røntgen og laboratorietenester samt eit føde- og barseltilbod. Beredskapen må sikrast døgnet rundt, året rundt. Rimeleg nærleik til sjukehus med fødetilbod og akuttberedskap er både god distriktspolitikk, kvinne- og familiepolitikk, næringspolitikk og miljøpolitikk.

SV fryktar for helsetenestetilbodet til befolkninga i distrikta dersom lokalsjukehusa blir bygd ned for å bli drifta med berre indremedisinsk beredskap. I tillegg til fare for liv og helse, risikerer ein irreversible negative verknader for arbeidsplassar og busetting i distrikta, industri og anna verksemd med krav til beredskap og rekruttering av fagpersonell til kommunehelsetenesta.

Lange avstandar, geografiske- og topografiske tilhøve kan gjere pasienttransport i distrikta sårbar for ras og uvêr. Sjukehusa må difor liggje der folk bur og tilboda utformast etter innbyggarane sine behov.

Utfordringane i helsesektoren framover, både med omsyn til medisinsk-teknisk utvikling, demografisk utvikling og innføringa av Samhandlingsreforma gjer at vi ikkje kan velje mellom nærleik og spesialisering – vi må velje begge deler. Dette må takast omsyn til når dei økonomiske råmene for helsetilboda vert fastsette.

Etter intensjonane i Samhandlingsreforma skal fleire pasientar få tilbod nærare heimen. At lokalsjukehusa beheld akuttberedskap og fødetilbod på minimum dagens nivå er ein føresetnad for å byggje opp nye, desentraliserte tilbod, ikkje minst til dei store pasientgruppene som kronikarar og eldre. Dermed kan innbyggarane kjenne seg trygge, og helsetilbodet kan utvikla seg slik ein ynskjer.

Landsmøtet i SV ber departementet og regjeringa sikre eit likeverdig helsetilbod basert på eksisterande sjukehusstruktur. Vi ber òg om at Nasjonal Helse- og omsorgsplan (NHOP) inneheld ei klargjering av innhaldet i lokalsjukehusa. Eit vingeklippa sjukehus er etter vår oppfatning ikkje lenger eit sjukehus.

Den stadige debatten om nedlegging av etablerte helsetenester viser at helseforetaksmodellen ikkje fungerer. Endringar i sentrale helsepolitiske spørsmål som sjukehusstruktur, akutt- og fødetilbod må fattast direkte av folkevalde organ.

• Les framlegget på SV sine landsmøtesider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar