tirsdag 18. september 2007

Innsparing: Fekk ikkje følgje dødssjuk mann i ambulansen

Fleire pasientar og pårørande er misnøgde med Helse Førde sitt ambulansetilbod.

Solveig Løvik Norevik frå Høyanger vart nekta å sitje på i ambulansen med mannen då han var dødssjuk, fordi ein annan pasient skulle få plassen. Mannen døydde under transporten frå Bergen til Førde, medan kona sat på bussen.

- Dobbelttransportane og ambulansebyta alvorleg sjuke menneske vert utsette for, er uverdige, seier Løvik Norevik.

Det var 14. november i fjor at mannen hennar skulle køyrast frå Haukeland til Førde sentralsjukehus. - Legen hans ved kreftavdelinga meinte det var nødvendig at eg var med, men Helse Førde gav beskjed om at det skulle vere ein annan pasient med i bilen. Før dei kom til Knarvik, fekk mannen min pustestogg. Ambulansen snudde, og då dei kom tilbake til akuttmottaket ved Haukeland døydde han. Det var ein vond telefon å få for meg som sat på bussen, men det må ha vore verst for han å kjenne seg så åleine i si siste stund. Og korleis må det ikkje ha vore for den andre pasienten som var med i ambulansen, midt oppi denne akuttsituasjonen?

Løvik Norevik seier mannen hennar tidlegare også opplevde å måtte byte ambulanse i snøslette i Romarheimsdalen og i regnver på ferjekaien på Oppedal.

- Ingen må fortelje meg at omsynet til eit overtidsbudsjett forsvarar ein slik uetisk praksis, seier Løvik Norevik, som er utdanna hjelpepleiar og er fylkesleiar i Fagforbundet.

Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.3499822

og Firda på nett:
http://www.firda.no/nyhende/helse/article3002972.ece

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar