onsdag 20. august 2008

Bømlo-rådmannen: Inviterer helseministeren


AVISA SUNNHORDLAND: Etter at eg fekk med meg utspelet om økonomisk godtgjering for kommunar som får til gode avtalar mellom helseføretak og primærhelseteneste når det gjeld omsorg for vanskelegstilte og ressurskrevjande pasientar som kommunen har ansvar for, bestemte eg meg for å skriva brev til Bjarne Håkon Hanssen. Det seier rådmann i Bømlo til Sunnhordland, og e-posten med invitasjon til statsråden vart nyleg sendt.

ME ER overtydde om at det kan vera nyttig for statsråden å koma ut i distriktet og sjå på lokale tilhøve. Det er lettare å sjå moglegheitene når ein er på staden, og når ein ser korleis ein kan samarbeida på tvers av kommunegrensene. Sunnhordland er ein tett region, og har Valen sjukehus som ein sentral institusjon, der mange av dei personane som no skal bu i eigen heimkommune har vore pasientar i mange år. I tillegg til dette er det etablert eit solid fagleg psykiatrisk miljø på Stord.

DET ER klart at dette krev mykje av kommunane, og det er difor eit fornuftig utspel frå regjeringa si side at ein gjennom avtalar mellom helseføretak og primærhelseteneste kan få økonomisk godtgjering som lettar presset noko. Me har òg tru på at det må kunna byggjast omsorgsbustader med fellesareal som aktuell løysing for psykiatri og demensgruppene.

ME TRUR at utspel frå lokale aktørar kan vera med på å skapa gode framtidige løysingar. Det treng ikkje vera slik at dei løysingar som vert vedtekne sentralt og tredd ned over hovudet på distriktskommunane er dei beste. Difor vonar me at statsråd Bjarne Håkon Hanssen tek i mot invitasjonen frå Bømlo. Og ikkje minst at han kjem på besøk med eit ope sinn.

• Les saka i Sunnhordland på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar