tirsdag 15. februar 2011

Sogn og Fjordane: Høgre slår ring om lokalsjukehusa


FIRDA Høgre sitt helsepolitiske utval rår fylkesårsmøtet til å slå ring om lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid.

Men utvalet opnar opp for å vurdere framtida til fødeavdelinga på Nordfjordeid innan 2020, og då ut frå fødselstal og fagleg personell.

– Vi kan ikkje frede noko, og ting kan skje, samstundes som vi veit at Volda står klar. Difor vil vi vurdere spørsmålet på nytt innan 2020, seier leiar for utvalet, Arve H. Mjømen.

- Kan suge pasientar
Det er også klart at utvalet vil ha tilpassa akuttfunksjonar ved lokalsjukehusa. Ifølgje Mjømen er det å oppretthalde dagens føde- og ortopediberedskap.

– Viss vi ivaretek desse sjukehusa kan vi med god kompetanse suge pasientar frå andre deler av landet, seier Mjømen.

Utvalet seier også at sjukehusa i fylket må rustast til å ta dei store utfordringane knytt til alders- og livsstilssjukdomar. Det er også viktig å jobbe for å få aksept for at sjukehus-vesenet i Sogn og Fjordane vil måtte vere dyrare per innbyggjar enn meir urbaniserte fylke, heiter det i konklusjonane til utvalet.

- Lær av Hordaland
– Samhandlingsreformen tvinge fram større løyvingar til helsesektoren. Og det er viktig å sjå kva som skjer i Hordaland. Der er dei komne godt i gang og byggjer på samspel med sjukehusa. Dit må vi komme også her i fylket, seier Mjømen.

Utvalet har mellom anna hatt synfaringar ved sjukehusa på Eid, i Lærdal og på Voss.

– Vårt framlegg til uttale skil seg ikkje så mykje frå det Høgre har sagt før, men vi har jobba svært grundig, og meiner vi står endå stødigare i konklusjonen vi no legg fram for fylkesårs-møtet, seie Mjømen.

Høgre har sitt fylkesårsmøte i Førde 12. og 13. mars.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar