I forrige veke vart det nasjonale prosjektet Framtidas lokalsjukehus starta. Prosjekteigar er Helse Vest og prosjektleiar er Helse Førde. Prosjektet er forankra i regjeringa og i Helse- og omsorgsdepartementet.
På regjeringa sine heimesider er målet for prosjektet definert slik: (Mine uthevingar) “Målet er at Nordfjord sykehus skal utvikles til en samhandlingsarena og tidmessig lokalsykehus med tjenestetilbud innrettet mot de pasientgrupper som i framtiden vil har størst behov for spesialisthelsetjenester lokalt.”
Prosjektet har derimot fått denne målsetjinga i Helse Førde: (Mine uthevingar) “Målet er å vere eit nasjonalt pilotprosjekt som i eit samhandlingsperspektiv skal vurdere og gi tilråding om endra oppgåvefordeling mellom nivå og kva pasientretta aktivitet som kan bli organisert ved sjukehuset for pasientgrupper som i framtida vil ha størst behov for helsetenester lokalt.”
Det er nokre forhold ved dette som er interessant. For det første; Kvifor har regjeringa si målsetjing vorte endra? – og for det andre; Kvifor er “målsetjinga” ikkje lenger ei målsetjing? (Den nye “målsetjinga” er i realiteten ei beskriving av kva prosjektet skal vere under vegs i prosjektet, og ikkje ei beskriving av kva prosjektet skal oppnå og levere frå seg. Det vert som å skyte ei pil inn i skodda og stille krav til pila si flukt, utan å stille krav til kva det er akseptabelt at pila skal treffe…)
Det er mogeleg at eg no les målformuleringar som ein viss mann les bibelen. Det er óg mogeleg at eg ser mønster som det ikkje er eit sakleg grunnlag for å sjå. På den andre sida har Helse Førde tidlegare brukt “prosessteknikkar” på ein måte som gjer at det er svært gode grunnar til å følgje med på kva foretaket gjer.
No startar prosjektet opp utan mål og meining. Ein konsekvens av dette er at maktspelarane inne i prosjektet kan boltre seg mykje friare. Eg oppfordrar difor prosjektet om å endre på målformuleringa slik at offentlegheita får vite kva det er prosjektet skal levere – og dette må skje no!
• Les innlegget på Endre Fjellestads blogg (Fjellestad Management Consulting) ved å klikke her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar