tirsdag 29. juni 2010

Helseforetaka: Underskott berre på papiret


KLASSEKAMPEN Med eit pennestrøk kan underskotta i helse-Noreg fjernast. Økonomisjefen i Helse Vest innrømmer at milliardunderskotta ville forsvunne med ein tradisjonell rekneskapsmodell.

Helse-Noreg slit, men det er berre på papiret. Hadde helseføretaka ført rekneskap som offentlege verksemder, og ikkje som private forretningar, hadde det samla underskottet deira på 25 milliardar mellom 2002 og 2009 vorte til eit gigantisk overskott på nesten 13 milliardar kroner.

Med andre rekneskapsmetodar tyder mykje på at dei ikkje hadde trengt å leggje ned eitt einaste lokalsjukehus.

Rekneskapsrevolusjonen
Då Stoltenberg I-regjeringa innførte sjukehusreforma og skipa helseføretaka, vedtok dei at sjukehusa ikkje lenger skulle føre rekneskap etter kommunal standard, som dei hadde brukt å gjere då fylkeskommunane dreiv dei, men i staden skulle følgje rekneskapsloven, som mellom anna gjeld for aksjeselskap.

• Etter rekneskapsloven skal verksemdene føre opp såkalla avskrivingar som ein kostnad. Dette er «kapitalslitet»; det ein reknar med at bygningar og utstyr taper seg i verdi kvart år. Tanken er at verksemda i alle fall må klare å tene inn verditapet på utstyret sitt.

• Etter reglane som gjeld offentleg forvalting skal avskrivingane ikkje førast opp som kostnad, då ein ikkje bryr seg om mest mogleg avkasting og i alle høve ikkje har tenkt å selje bygningane og utstyret.

Avskrivingane er eit reint papirbeløp - sjølve investeringane vert betalt for heilt andre stader i rekneskapen.

Frå underskott til overskott
Helseføretaka sit på sjukehusbygg, tomter, røntgenmaskiner og liknande for milliardar av kroner. Difor vert avskrivingane svært store, og valet om å føre dei opp som ei kostnad får enorme konsekvensar for det økonomiske resultatet.

Klassekampen har gått gjennom alle helsekonserna sine årsrapportar, frå dei vart skipa i 2002 til 2009, og undersøkt kva som skjer med underskotet når vi fører rekneskapen deira etter modellen for offentleg forvalting.

Underskota forsvinn bortimot totalt.

• Etter statistikken gjekk helseføretaka med dundrande underskott kvart einaste år mellom 2002 og 2008, og fekk først eit lite overskott i 2009, etter ein knallhard runde med kutt. Tek vi vekk avskrivingane hadde dei milliardoverskott i alle år unnateke 2006 og 2007, og sjølv då var underskotet ein brøkdel av det som vart rapportert.

• Rekna som aksjeselskap har Helse sør-aust gått med milliardunderskot kvart år sidan 2002. Rekna etter gamlemåten hadde dei berre underskott i 2007, og då på litt under ein milliard kroner og ikkje 3,9 slik ein reknar i dag.

Riksrevisjonen rekna seg ved årsskiftet fram til at helseføretaka sitt samla underskott fram til 2008 var på 25 milliardar. Dette stemmer med Klassekampen sine tal. Hadde sjukehusa ført rekneskap slik dei gjorde før reforma, ville dette i staden vore eit overskott på 12,9 milliardar.

Helse Vest klar over tala
Klassekampen er ikkje aleine om å rekne om helserekneskapa til gamlemåten.

I februar 2008 la økonomisjef Per Karlsen eit heilt liknande rekneskap fram for styret til Helse Vest. Han gjorde styremedlemmene merksame på at Helse Vest, som på papiret har gått med underskot på nærmare éin milliard kvart år mellom 2002 og 2007, ville gått med overskott på opptil 458 millionar med eit kommunal rekneskap.

Det er denne oppskrifta Klassekampen har nytta på alle helseføretak.

- Kvifor laga du dette reknestykket?
- Det var noko vi gjorde i administrasjonen - vi fann ut at vi skulle sjå korleis resultatet ville sett ut med ein anna rekneskapsmodell. Det var kort og godt for å syne ei alternativ utvikling, seier Karlsen.

- Då dette vart lagt fram sleit de med underskott på nesten éin milliard i året. Myndigheitene krev at de skal gå i balanse og presset må ha vore stort. Var det eit element av lobbyisme i reknestykket dykkar?
- Ein var nok i ein situasjon kor ein ville syne begge bileta, ja, seier Karlsen kort.

Siviløkonom Magnar Bollingmo skreiv saman med professor i forvaltingsøkonomi Bjarne Jensen ein rapport i 2007 om kostnadene i helsevesenet for Høgskolen i Hedmark.

Vil ha modellen, okke som
Bollingmo har mellom anna vore sjukehusdirektør i ti år, og kan kallast erfaren i feltet. I rapporten kjem han fram til same resultat som Helse Vest og Klassekampen: At underskotta etter sjukehusreforma kjem frå val av rekneskapsføring. Bollingmo tykkjer ikkje businessmodellen høver helsevesenet.

- Min hovudtese i dette er at helseføretaka ikkje opererer i ein eigentleg marknad, men i ein kvasimarknad. Det offentlege er pålagt å syte for den hjelpa politikarane har bestemt at folk har rett på. Då gjev det ikkje meining å til dømes rekne ut kva bygningane og tomtene til sjukehusa er verdt i marknaden; ein må jo i alle høve ha ein bygningsmasse som fungerer tilfredsstillande.

Bollingmo peikar på at verdien av bygningane og utstyret er prissett av innleigde konsulentar, ikkje av marknaden, noko han finn problematisk.

Trass i reknestykket sitt er økonomisjef i Helse Vest mykje meir positiv.
- Eg meiner modellen er fornuftig, av di han syner kor stor evne vi har til reinvestering, altså i kor stor grad vi klarer å byggje ut den realkapitalen vi allereie har. Etter kommunal modell må ein ha store overskott for å i det heile kunne byggje ut. Med rekneskapsloven får vi synleggjort verdiane mykje betre.

- Men det er ingen som må betale for ei avskriving, stemmer ikkje det? Det er ein rein kalkulatorisk storleik?
- Ja, ein må ikkje ta pengar ut av kontoen. Det er ein slags sparing for å gjere reinvestering, altså byggje ut kapasiteten, seier Karlsen.

- Er det ikkje litt underleg å sitje med enorme underskott på grunn av «kostnader» dykk faktisk ikkje må betale?
- Rekneskapen for 2009 syner at vi endeleg går i overskott, og det syner at vi no er i stand til å både drive effektivt og spare til reinvestering. Vi har ført eit langsiktig arbeid med kostnadskontroll, og i tillegg har myndigheitene fått retta opp noko av den skeivfordelinga som kom då helseføretaka vart etablert. Dette var på sett og vis den største fusjonen i Noregshistoria, så det er ikkje rart at det tok tid for å gå i gjenge, som det ser ut til at det gjer no, avsluttar Karlsen.

Ifølgje Klassekampen sine tal arva helseføretaka bygg og utstyr for 66 milliardar kroner frå fylkeskommunane då dei vart skipa. Sjølv etter at vi justerer for inflasjon er summen av avskrivingane mindre enn desse opphavlege verdiane. Det tyder samla sett at det er ein god del år til helseføretaka kan skrive av investeringar dei faktisk har gjort i si levetid.

• Les saken i Klassekampen på nett ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar