torsdag 17. juni 2010

Nedlegging i Nordfjord og Lærdal: - I strid med lovnadene frå helseministeren


FJORDINGEN - Administrerande direktør i Helse Førde går i mot det helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (bildet) garanterte for då ho var på Nordfjordeid for kort tid sidan. Difor bør ministeren no gripe inn, seier Gunn Helgesen, leiar i Nordfjordrådet.

Helgesen vil ikkje gje seg ut på karakteristikkar av forslaget frå administrasjonen i Helse Førde, men er klar på at forslaget er klart i strid med klare signal og garantiar frå helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

- Då ho besøkte både Lærdal og Nordfjordeid for litt over ein månad sidan, garanterte statsråd Strøm-Erichsen for at lokalsjukehusa skal halde fram med sengepost og akuttfunksjon. Difor er forslaget frå Helse Førde i strid med klare signal frå statsråden. Med andre ord ser det ut til at Helse Førde lukker augene for innspel både frå innbyggjarane i Sogn og Fjordane og frå helseministeren, seier Helgesen.

Ho seier ho har store forventningar om at helseministeren sine ord blir følgde opp.

- Før helga sende eg ei fråsegn frå Nordfjordrådet til styret i Helse Førde der vi krev eit fullverdig lokalsjukehus med fullverdig fødeavdeling og reell akuttfunksjon. Når forslaget no ligg føre om å fjerne akuttfunksjon, leggje ned ortopedien og gjere fødeavdelinga om til jordmorstyrt fødeavdeling, vil eg sende brev til statsråden. Eg har store forventningar om at lovnadene ho gav blir følgde opp med handling og pengar før sjukehustilbodet blir rasert, seier Helgesen.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar