torsdag 17. juni 2010

Nedleggingstruga Nordfjord-ortopedi: Over 600 på venteliste


FJORDABLADET Over 600 står på venteliste til vurdering ved ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus. Likevel vil administrasjonen ta tilbodet bort.

Det er stor pågang av pasientar som er henvist til Nordfjord sjukehus for vurdering av operasjonar. Per i dag er det mellom 600 og 700 på venteliste. Ortopedisk seksjon i Nordfjord sjukehus er den klart største elektive polikliniske seksjonen i Helse Førde. Pasientgruppa er relativt ung, der målet i mange tilfelle å få folk tilbake i arbeid og godt funksjonsnivå.

I 2010 er det planlagt 1.140 operative inngrep.

Sjukehuset på Nordfjordeid har eit relativt stort og robust fagmiljø innan leddbevarande kirurgi med ortopedar som har erfaring innan avansert artroskopisk og leddbevarande kirurgi.

Avdelinga er den største offentlege skulderseksjonen i Helse Vest med 260 skulderinngrep. Avdelinga er også den største seksjonen for artroskopisk kirurgi i hofte i Helse Vest.

Mange stiller spørsmål ved korleis administrasjonen i Helse Førde kan finne på å tilrå å radere bort ei så oppegåande avdeling, som er svært viktig både for Sogn og Fjordane og Helse Vest.

Personell ved avdelinga har tidlegare uttalt at det tek fleire år å byggje opp eit slikt fagmiljø. Ortopedisk kirurgi er ein av dei spesialitetane som krev lengst trening og høgast tekniske ferdigheiter.

Dersom dette fagmiljøet forsvinn, har ein ikkje nokon garanti for at ortopedspesialistane frå Eid held fram med å arbeide i Helse Førde. Dette vil vere eit stort tap for det ortopediske tilbodet i Helse Førde, spesielt for yngre pasientar i arbeidsfør alder, som kan få eit betre liv og eit betre funksjonsnivå med kikholskirurgi. Mange av desse vil måtte vente mykje lenger på behandling, noko som vil utløyse store utgifter til sjukemeldingar, noko som vel må vere svært dårleg samfunnsøkonomi. Eit sjukemeldingsår kostar samfunnet om lag 400.000 kroner årleg,

Ortopedane ved Nordfjord sjukehus har til saman kompetanse innan følgjande spesialitetar:
* Avansert leddbevarande kirurgi i kne, skulder og ankel.
* Avansert leddbevarande kirurgi hofte.
* Ryggkirurgi med instrumentering
* Avansert handkirurgi, albogekirurgi og senekirurgi
* Spesiell traumekirurgi skulder
* Fotkirurgi

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar