torsdag 13. januar 2011

EIN MÅ KLARLEGGE KVA EIN MEINER MED EIT LOKALSJUKEHUS Fremtidens helsetjeneste - høringssvar fra Hareid kommune


Hareid kommune

Sjukehusstruktur


Språkbruken her er svært utydeleg. Ein må klarlegge kva ein meiner med eit lokalsjukehus. Dette omgrepet bør berre nyttast om sjukehus som kan dekke akuttfunksjon for dei vanlegaste sjukdommane. Lokalsjukehus må ha god nok kvalitet i visse basistenester (indremedisin, kirurgi, anestesi, røntgen, laboratorie) for å kunne dekke denne funksjonen. Dersom eit sjukehus ikkje er i stand til å dekke dette på ein forsvarleg måte, er befolkninga betre tent med at sjukehuset vert nedlagt eller funksjonsendra til spesialsjukehus, sjølv om det skulle innebere lenger reise til næraste sjukehus med akuttfunksjon. Når ein nytter omgrepet ”Ingen lokalsjukehus skal leggast ned”, samtidig som ein aksepterer at sjukehus blir tappa for funksjon, synes det meir egna som språkleg tåkelegging av politisk usemje, enn eit godt utgangspunkt for planlegging av helsetenester. Ein slik politikk tek ikkje vare på befolkninga sitt behov for tryggleik.

Det er behov for ein helseplan som definerer kvalitetskrav til dei sjukehusa som skal fungere som lokalsjukehus og akuttsjukehus for ei nærbefolkning, og ein plan som tar konsekvens av slike kvalitetskrav – der også avstand til sjukehus er ein faktor ein må rekne med. Når ein ut frå dette har definert ein struktur, må ein også vere villig til å satse dei ressursane som gir denne strukturen muligheit for å skape eit forsvarleg tilbod og ei pårekneleg framtid som gjer det mogleg å rekruttere og behalde fagfolk.

13. januar 2011 16:36

• Les høringssvaret fra Hareid kommune ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar