onsdag 7. september 2011

Folkerørsle fryktar Nordfjord blir modell for nedbygging av lokalsjukehus


NATIONEN.NO Folkerørsla for lokalsjukehusa meiner det ser ut som om regjeringa vil etablere ein pilotmodell for demontering av lokalsjukehus over heile landet ved Nordfjord sjukehus. I dag møtte dei den lokale aksjonsgruppa.

Onsdag møtte Folkerørsla for lokalsjukehusa representantar for Sjukehusaksjonen i Nordfjord og Helsefaggruppa i Nordfjord i Eid for å få ei orientering om den lokale situasjonen.

Måndag denne veka skreiv Sjukehusaksjonen i Nordfjord i ei pressemelding at dei går til rettssak mot Helse Vest, etter at dei fekk avslag på si oppmodning om å utsette nedlegginga av ortopediverksemda ved Nordfjord sjukehus.

Les også: Skuffa over kutt i fødetilbodet

Folkerørsla fryktar Nordfjord sjukehus blir ein modell for nedbygging i heile landet.

- For Folkerørsla for lokalsjukehusa ser det ut som regjeringa gjennom signala i føretaksmøte med Helse Vest vil etablere ein nasjonal pilotmodell for demontering av lokalsjukehus over heile landet. Difor handlar det såkalla «Utviklingsprosjekt for Nordfjord sjukehus» ikkje berre om Nordfjord, men om Odda, Lærdal og etter kvart ei rekkje andre sjukehus i Norge, skriv dei i ei pressemelding.

Les også: - Sviktar distrikta

Koordinator Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa åtvarar mot kannibalisme lokalsjukehusa imellom. Ho fortel at ho er i Nordfjord for å hente inn informasjon som ho kan bringe vidare i sin organisasjon.

- Det å etablere alternative fagmiljø kan være vegen å gå i andre sjukehuskampar også, seier Øien Hauge til Nationen etter møtet i Nordfjord.

- Det skjer ei einsretting av dei faglege råda frå helsefolk, og dette er ei av våre største utfrodingane, sier ho.

Regjeringas vedtak rammar også fødetilbodet i området.

Lokale politikarar uttalte overfor NRK.no at dei ville la juristar vurdere om avgjerda er teke på eit sviktande grunnlag, medan landsstyremedlem og lokalpolitikar i Venstre, Alfred Bjørlo, hevdar i eit blogginnlegg at regjeringas påstand om at deira løysning gjer kortare reiseveg for mange, ikkje er rett.

Les fleire saker om lokalsjukehusdebatten i Nationens digitale utgåve torsdag 8. september.

• Les saka på Nationen sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar