fredag 9. september 2011

Odda rasar mot Helse Fonna


NATIONEN.NO Ein skal «vere glad for at ein ikkje må innom Odda sjukehus dersom ein raskast mogleg kan koma til eit anna sjukehus» sa Toralv Mikkelsen, tidlegare ordførar i Odda for Arbeidarpartiet, noverande styreleiar i Helse Fonna, til TV2 sist søndag. Utsegnene vekkjer harme i Odda.


Eit samla Odda kommunestyre, krev saman med LO i Indre Hardanger og dei tilsette og tillitsvalde ved Odda sjukehus at styreleiar Toralv Mikkelsen skal gå.

I eit brev sendt til Helse Vest og til Helseministeren skriv dei at styreleiaren må gå og at han har skapt ei tillitskrise mellom lokalsamfunnet og helseføretaket.

I brevet skriv dei også at det er uråd for Odda sjukehus «å halde fram å fungera som eit føretak under ei føretaksleiing som offentleg og ubegrunna diskrediterer sjukehuset og dei tilsette».

- Vi krev at helseministeren grip inn for å løyse denne tillitskrisa, seier Nils Johan Ystanes, i Folkerørsla for lokalsjukehus.

I Odda har det vore ein langvarig dragkamp mellom det lokale helseføretaket, Helse Fonna og lokalbefolkninga om framtida til Odda sjukehus.

Under årets 1. mai-markering, som alltid er ei storhending i industribyen Odda, var forsvar for lokalsjukehuset den fremste kampsaka.

LES OGSÅ: Ein av fem veljarar let sjukehussaka påverke partivalet
LES OGSÅ: Må innkalle 200 pasienter på nytt
LES OGSÅ: Frp krever redegjørelse om situasjonen ved sykehusene

I kjølvatnet av sjukehusstriden som har rasa dei siste månadene, har Arbeidarpartiet gått tilbake på meiningsmålingane samanlikna med tidlegare val.

På sist den siste målinga til lokalavisa Hardanger Folkeblad hadde partiet 30,1 prosent av stemmene. Ved kommunevalet for fire år sidan fekk partiet 36, 4 prosent av stemmene. Ystanes, som sjølv er Arbeidarpartimann, er svært skuffa over sitt eige parti.

- Eg blir flau når eg høyrer Jens Stoltenberg snakke om lokalsjukehusa. Det dei skreiv i Soria Moria-erklæringa om å ta vare på lokalsjukehusa viser seg no å vere ein einaste stor bløff, seier han.

• Les saka i Nationen (på nationen.no) ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar