fredag 2. september 2011

Nordfjord vil ut av Helse Førde


BERGENS TIDENDE/BT.NO Annankvar nordfjording meiner heile eller delar av Nordfjord bør byte ut Helse Førde med Helse Møre og Romsdal.

Resultatet kjem fram i ei meiningsmåling Norfakta Markedsanalyse har gjort for Sjukehusaksjonen og Helsefaggruppa i Nordfjord. Begge organisasjonane kjempar for å oppretthalde eit best mogleg tilbod ved Nordfjord Sjukehus.

Ifølgje målinga er 48 prosent av dei spurde positive til å skifte helseføretak. Berre kvar fjerde spurde vil bli verande i helseføretaket i Sogn og Fjordane.

Delte meiningar
Naturleg nok er det flest veljarar på nordsida av fjorden som vil til Møre. I Eid, heimkommunen til Nordfjord Sjukehus, vil heile 66 prosent melde overgang. I nabokommunen Gloppen på sørsida av fjorden er det derimot berre 14 prosent som vil melde flytting.

Ikkje betre
I målinga svarar 77 prosent nei på at eit spørsmål om dei trur Helse Førde legg til rette for eit helsetilbod i Nordfjord som er like godt eller betre enn i dag.

I alt 700 personar i kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen har svart på spørsmåla i marknadsundersøkinga.

• Les saka på bt.no ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar