søndag 11. september 2011

Stord: Blåste ut mot statsråden


BERGENS TIDENDE Sjukehustilsette på Stord brukte statsrådbesøk til å rakka ned på regimet.

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) kom til Stord for å bli orientert om flotte samhandlingstiltak. Tillitsvalde nytta sjansen til å seia meininga si om styringa av helseføretaka - og Helse Fonna spesielt.

- Det pågår ei sniknedlegging av sjukehuset vårt. Personalpolitikken er for dårleg, vi blir ikkje involvert i prosessane, sa Anne Catherine Skaar, tillitsvalt for sjukehuslegane under eit møte med helse- og omsorgsministeren på Stord sjukehus fredag.

- Skuffa over Ap
- Eg er skuffa over Arbeidarpartiet. Sjukehusa er i opprør, det er slitsamt å forholda seg til at vi må passa på heile tida. Regjeringa ser ikkje ut til å ha kontroll over dei ulike føretaka, det er uklokt å ta midlar frå sjukehusa i samhandlingsreforma, sa Skaar.

Strøm-Erichsen reagerte med å seia at det ikkje er rett at sjukehusa skal få mindre midlar, tvert om skal dei aukast også i framtida.

- Eg er oppteken av at Helse Fonna skal vera eit livskraftig føretak som gir eit godt behandlingstilbod til folk i området, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen.


Ser på Odda og Stord
Opprørstendensar rundt lokalsjukehusa i både Odda og på Stord har fått Helse Vest til å gå inn for å utgreia organiseringa av Helse Fonna. Sterke krefter i Hardanger og i Sunnhordland ønskjer dei to sjukehusa ut av Fonna for eventuelt å innlemmast i Helse Bergen. Det er begge stader ei kjensle av at det største sjukehuset i føretaket, Haugesund sjukehus, dreg av garde med ein forholdsmessig for stor del av ressursane.

- Visst ikkje leiinga i Helse Fonna tek signala og får etablert eit godt samarbeidsklima og involverer dei tilsette, vil vår lojalitet liggja hos dei tilsette, sa Stord Arbeidarparti sin ordførarkandidat, Harry Herstad.

God start
Statsåd Strøm-Erichsen fekk også eit innblikk i det ho kom for å høyra på Stord, nemleg statusen for samhandlingstiltak sjukehus-kommune. Blant anna orienterte Ytre Sunnhordland samhandlingsteam om ein god start for eit samarbeidsprosjekt innan rus- og psykiatriomsorg mellom Helse Fonna og kommunane Tysnes, Stord, Fitjar og Bømlo.

- Vi har ganske gode føresetnader til å møta det som kjem no, sa samhandlingssjefen i Helse Fonna, Knut Arne Askeland til Strøm-Erichsen.

Anne-Grete Strøm-Erichsen sa at det er stor interesse landet over for å søkja avsette samhandlingsmidlar.
- Det er no viktig at kommunane ikkje tenkjer som så at samhandlingsreforma, den gjeld ikkje oss. Rus og psykisk helse er gode eksempel på område der reforma gir gode resultat, sa Strøm-Erichsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar