fredag 29. januar 2010

Brevet frå dei 23 tilsette ved Stord sjukehus


Brevet frå 23 tilsette ved Stord sjukehus til styret i Helse Fonna er på åtte sider og tek for seg utviklinga for Stord sjukehus.

Punkta i brevet er:
1) Rapport frå Arbeidsgruppa
2) Omstruktureringsprosessar
3) Rekruttering og nytilsetting
4) Samarbeid mellom sjukehusa
5) Økonomiske tilhøve i helseføretaket
6) Utvikling/investering
7) Negativt omdøme av helsefæretaket
8) Fagleg bredde/Utdanning/Forsking


Så kjem Konklusjonen til arbeidsgruppa

Til slutt:
Arbeidsgruppa ber om at styret i Helse Fonna tek stilling til følgjande spørsmål:
1. Korleis meinar styret ein kan forsvara eit helseføretak med 3 mindre somatiske sjukehus der ingen tidlegare har hatt sentralfunksjonar?
2. Har ein mandat frå Helse Vest om å byggje opp fleire sentralfunksjonar i Helse Fonna?
3. Korleis stiller styret seg til å løyse opp føretaket?
4. Oppløysing av helseføretaket vil gje stor økonomisk gevinst. Ein vil kunne nytte seg av allereie eksisterande administrasjon i Helse Bergen og Helse Stavanger.
Korleis kan styret forsvare at ein opprettheld Helse Fonna?
5. Korleis ser styret på den manglande faglige leiinga ved føretaket?
6. Ser styret ulemper for Haugesund sjukehus om Helse Fonna vert løyst opp?



• Avisa Sunnhordland har lagt heile brevet frå dei tilsette ut på nett. Du finn det ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar