lørdag 23. januar 2010

Ingen veit nøyaktig kva eit lokalsjukehus skal vere


NRK SOGN OG FJORDANE Regjeringa har ikkje nokon definisjon på kva eit lokalsjukehus er, og kva det skal innehalde.

Det finst ingen konkrete retningslinjer for kva eit lokalsjukehus skal innehalde, for regjeringa kan ikkje svare på spørsmålet.
Det var den tidelgare leiaren av sosialkomiteen på Stortinget, Harald T. Nesvik frå Frp som utfordra helsministeren på innhaldet i begrepet lokalsjukehus.

Bakgrunnen hans er debatten som er i gang når det gjeld akuttberedskapen ved lokalsjukehusa i Kristiansund, Volda og på Nordfjordeid.
Nesvik meiner akuttberedskap dreier seg om tryggleiken for folk.
- Dette handlar om tryggleiken folk har i lokalsjukehuset sitt.

Ingen definisjon å hente
Men regjeringa har ikkje nokon definisjon på kva eit lokalsjukehus er, og kva det skal innehalde.
Strøm-Erichsen slår fast frå stortingets talarstol at dei som held krampaktig fast i at eit lokalsjukehus skal ha visse funksjonar for å vere eit lokalsjukehus, ikkje har regjeringa si støtte.
Det skal vere eit desentralisert sjukehustilbod, men alle sjukehus må ikkje ha akuttfunksjonar og fødetilbod.

- Ikkje alle treng akuttfunksjonar
- Det er ingen eintydig definisjon av kva tilbod og personalgrupper eit lokalsjukehus skal ha, seier ministeren.
Ho meiner dagens desentraliserte sjukehustilbod skal ivaretakast, og at dette vil sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod sjølv om ikkje alle sjukehus har dette i dag.
Statsråden peika då på at innhaldet i eit lokalsjukehus har endra seg radikalt i forhold til 1970-talet. Og ho la til at behovet for akuttberedskap ha endra seg tilsvarande.

Krev eit visst folketal
- Lokalsjukehuset skulle dekke vanlege tenester som kirurgi og fødselshjelp. Men i dag kan faktisk nokre ambulansar drive med denne type medisin, og dermed starte allereie der, seier ministeren.

Ho meiner også at det krevst eit visst innbyggjartal for å ha kompetente sjukehus.
- Det er ulike nivå på akuttmedisin. Vi skal ha kompetente og høgkvalifiserte sjukehus, men det må vere ei viss mengde folk og helsepersonell då.

Krev svar
Til alle som klamrar seg til at regjeringa skal stoppe strukturendringar og innhaldet i lokasjukshusa, viste ho til departementet sitt oppdrag til helseforetaka i 2010.

Nesvik reagerer på svara til helseministeren.
- Etter dette svaret frå statsråden lurer eg på kvifor det står i Soria Moria-erklæringa at ingen lokalsjukehus skal leggast ned når regjeringa ikkje har teke føre seg kva desse sjukehusa skal innehalde, seier Nesvik.

Sjukehusa skal kunne endre innhald
Statsråden kan også sin Soria Moria.
- Det står i Soria Moria at enkelte sjukehus skal kunne gjere andre oppgåver enn det dei gjer i dag mellom anna i samband med samhandlingsreforma.

Krev svar
Men Nesvik står på sitt, og krev at regjeringa svarar på kva eit lokalsjukehus skal innehalde.
- Eg vil at ministeren kjem tilbake til stortinget med svar på kva eit lokalsjukehus skal innehalde. No ser det ut til at det meste kan fjernast, men at det likevel kan kallast lokalsjukehus, seier Nesvik.


• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar