fredag 29. januar 2010

Leiar i avisa Sunnhordland: Støttar dei tilsette sitt krav


LEIAR I AVISA SUNNHORDLAND – STORD SJUKEHUS ynskjer, på vegner av dei tilsette, å verta løyst frå Helse Fonna, eventuelt ei oppløysing av føretaket etter lova.

23 TILSETTE i arbeidsgruppa ved Stord sjukehus har skrive under på brevet som vart overrekt styret i Helse Fonna då dette var samla til møte tysdag. Styreleiar Toralv Mikkelsen oppmoda styrerepresentantane om å ta med seg brevet og lesa det. Han var ikkje glad for brevet han fekk fredag, men lovar at arbeidsgruppa skal få tilsvar.

I UTGANGSPUNKTET hadde han sjølvsagt ikkje anna val enn dette, styret må sjølvsagt få tid til å lesa brevet, til liks med andre relevante partar i denne svært alvorlege saka. For det er alvorleg, det som er lagt fram frå Arbeidsgruppa på vegner av dei tilsette ved sjukehuset. Og me trur at det einaste som kan løysa den frustrasjon og uvisse som har bygt seg opp gjennom år, er å ta dette utspelet på alvor, og vurdera ei omlegging i tråd med det arbeidsgruppa konkluderer med: Nemleg at Haugesund, Stord og Odda er tre lokalsjukehus, og at Stord og Odda naturleg høyrer inn under Haukeland og Haugesund under Stavanger.
– Stord og Odda er i ferd med å verta utarma dersom Haugesund sjukehus skal halda fram si oppgradering til sentralsjukehus, heiter det i brevet

OG DET er vel kjernen i det som har skjedd etter at Helse Fonna vart oppretta. Me meiner me her ser ein klar tendens til at ressursar skal trekkjast til Haugesund, i staden for å koma distrikta til gode. Haugalandet kjempar for sitt, og den omlegginga som vart gjort har øydelagt eit naturleg og velfungerande system. Me er samde i at både Stord sjukehus og Odda naturleg høyrer inn under Haukeland som sentralsjukehus, og at Stord difor bør inn under Helse Bergen. Dette både for å styrkja og halda oppe kompetansen ved sjukehuset, og få ei meir tilstadesverande leiing før sjukehuset vert heilt utarma.

REGIONEN er avhengig av eit velfungerande moderne sjukehus, ikkje eit underbruk av Haugesund.

• Les leiaren i avisa Sunnhordland ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar