fredag 29. januar 2010

Tilsette ved Stord sjukehus: Vil løysa opp heile Helse Fonna


AVISA SUNNHORDLAND 23 fagpersonar ved Stord sjukehus seier i brev til styret at Helse Fonna er ein fiasko.

- Stord og Odda til Haukeland sjukehus, og Haugesund til Stavanger, heiter det i konklusjonen til arbeidsgruppa.
Dermed ville alle dei tre lokalsjukehusa høyra under eit universitetssjukehus.

Styreleiar Toralv Mikkelsen delte ut brevet til styremedlemmane før møtet slutta i dag (26.01.2010) klokka 12.
- Eg kan ikkje kommentera det enno, seier styreleiaren om brevet som er ei total mistillitserklæring til leiing og administrasjon i Helse Fonna.

79,2 prosent skreiv under
Den 10. desember 2009 vart det halde eit allmøte for tilsette ved Stord sjukehus. Det vart oppretta ei arbeidsgruppe, og 79,2 prosent av dei frammøtte skreiv under på at dei støtta dette arbeidet, heiter det i brevet.

Bakgrunnen for møtet var aukande misnøye blant tilsette, og altfor høgt sjukefråvær.
Konklusjonen vart at forbetringar i regi av Helse Fonna er vanskelege å gjennomføra.

Rapport med klar tale
Arbeidsgruppa sin rapport er basert på uttale frå tilsette i fleire møte. Sidan Helse Fonna overtok i 2002 har misnøye og sjukefråvær auka, heiter det i brevet.

Også nedbygging er nemnt som grunn til å løysa opp Helse Fonna.

Sidan 2002 har Stord sjukehus gjeve frå seg AMK-sentralen, apoteket, sterilsentralen, deler av intensivbehandlinga, risikofødslar, lokal leiing og administrasjon, reduksjon av 15 senger ved medisinsk avdeling, og reduksjon av 11 senger på kriurgisk avdeling.

Arbeidsgruppa opplyser at samarbeidet og ressursdelinga mellom Stord og Haugesund i dag er minimal, og at ei overføring til Helse Bergen difor ikkje vil ha negativ innverknad på pasientane sitt tilbod.

• Les saka i avisa Sunnhordland ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar