lørdag 20. mars 2010

Årdal arbeidarparti: Avgjerda om lokalsjukehusa må takast av Regjeringa


PORTEN Årdal arbeidarparti forventar at spørsmål om eventuell omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra, fjerning av akuttfunksjonar og fødeteneste, vert lagt fram for regjeringa til avgjerd. Slike avgjerder, og tolking av den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa må ikkje overlatast til helseføretaka åleine, står det i partiet sin høyringsuttale til strategiplan.

- Ei omgjering av Lærdal sjukehus til lokalmedisinsk senter, fjerning av akuttfunksjonar og fødetilbod er det same som å leggje ned lokalsjukehuset vårt, skriv leiar Hilmar Høl.

I uttalen står det vidare;
At vesentlege endringar i tenestetilbodet og oppgåvedelinga mellom den statlege spesialisthelsetenesta og kommunane må kome som ei følgje av ein nasjonal helse- og omsorgspolitikk der den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa vert lagt til grunn og ikkje som ei følgje av helseføretaka sine underskot.

At regjeringa gjev klar melding til Helse Førde om at avvikling av tenester ved Lærdal sjukehus og flytting av desse til eit nytt lokalmedisinsk senter i Sogndal ikkje er aktuell politikk.


Grunngjeving
Plandokumentet skisserer tre modellar for organisering av den framtidige spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.
Eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter, tre likeverdige lokalsjukehus, eller eitt sentralsjukehus

I oversendingsbrevet stiller Helse Førde krav om at høyringsuttaler / innspel må ta i vare kravet om moderne, kunnskapsbaserte og trygge tenester innan tilgjengelege økonomiske rammer til innbyggjarane i heile Sogn og Fjordane. Dette er dei same krava som gjer at styret i helseforetaket tilrår modell 1 framfor modell 2 og 3.

Gjennom slike avgrensingar vert høyringsinstansane i realiteten bedne om å avgrense uttalen til modell 1.

Årdal arbeidarparti meinar også at det er svært uheldig at representantar for politisk leiing i Helse- og omsorgsdepartementet alt tidleg i høyringsrunden kjem med uttaler som gjev inntrykk av at den tilrådde modellen alt har fått godkjenning frå sjukehuseigar. Dette – saman med sterke signal frå medlemer av styret i Helse Førde – gjev grunn til å stille spørsmålsteikn ved verdien av høyringsrunden.

I den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa heiter det (sitat):

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehus. Dette kan innebere at somme sjukehus skal gjere andre oppgåver enn i dag, blant anna sett i samanheng
med samhandlingsreforma. I dette arbeidet blir det lagt til grunn at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast. Det vil blant anna sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, sjølv om slike tilbod ikkje blir gjevne ved alle sjukehus. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned
”.

Årdal arbeidarparti har hatt tiltru til dette og teke formuleringa på alvor. Vi viser også til at i alle helsepolitiske dokument frå regjeringa er lokalmedisinske sentra omtalt som eit tilbod som skal kome før, i staden for og etter sjukehusbehandling.

Svært mange har vanskar med å sjå samanhengen mellom det som faktisk ser ut til å bli gjennomført av endringar, og dei forpliktande formuleringane i Soria Moria 2.

Dersom ein gjer om lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra slik som Helse Førde tilrår, går ein feil veg så lenge målet til regjeringa er å oppretthalde nærleik til akutt-funksjonar og fødetilbod.

Årdal arbeidarparti reagerer sterkt på og opplever det som lite tillitsskapande at Helse Førde i høyringsdokumentet opnar for å fjerne all aktivitet frå Lærdal sjukehus og å flytte denne til eit nytt lokalmedisinsk senter i Sogndal.

Årdal arbeidarparti vil peike på at på grunn av budsjettsituasjonen spring Helse Førde no i førevegen av alle overordna og nasjonale prosessar. Det vert lite samsvar mellom det som vert sagt frå Regjering og Storting si side, og det som faktisk skjer i distrikta.

I strategiplanen forskotterer Helse Førde i stor grad ”Samhandlingsreforma”. Dette skjer før den er vedteken av Stortinget. Omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra - med kommunale tenester som skal kome før, i staden for og etter sjukehusbehandling - føreset ein vesentleg medverknad frå kommunane si side – både økonomisk og personellmessig.

Vi har merka oss at regjeringa i stortingsmelding nr 47 (Samhandlingsreforma) skildrar og drøftar oppgåver som den kommunale helse- og omsorgstenesta kan få ansvar for i framtida. Det vert uttalt i meldinga at:

”Hvilke oppgaver, omfanget av disse og tidspunkt for iverksettelse, vil Regjeringen ta stilling til etter at Stortinget har behandlet stortingsmeldingen”


Og vidare:

”Kommunane skal ikke pålegges nye oppgaver uten at de blir gitt nødvendige ressursforutsetninger for dette”

Dette må gjelde også for Sogn og Fjordane.

Årdal arbeidarparti forventar at regjeringa set ein stoppar for dei tilrådde endringane i fødetilbod og akuttfunksjonar i påvente av at slike endringar eventuelt kan inngå som ein del av ein heilskapleg nasjonal helse- og omsorgspolitikk.


• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar