lørdag 1. desember 2007

Harlem ikkje til Rjukan sjukehus?

Alle dei politiske partia i Tinn kritiserer styreleiar for Helse Sør-Øst, Hanne Harlem. Grunnen er at styreleiaren til veka besøker sjukehusa på Kongsberg og Notodden, men ikkje Rjukan.

Styreleiaren bør sette seg inn i tilhøva i eit sjukehusdistrikt som er langt større enn Vestfold fylke, skriv partia i eit brev til Harlem.

Eit samla politisk miljø i Tinn går mot alle forsøk på å legge ned Lykkeliten fødestue og akutt-tilbodet på Rjukan.

• Henta frå NRK Tekst-TV for Telemark, lørdag 1.12. Klikk på overskrifta her, så skal du komme til sida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar