Pål Midbøe, tillitsvald i Fagforbundet og tilsetterepresentant i Fonna-styret, er skuffa over at dei fekk den dramatiske meldinga over radio. Han ser ikkje at det er mogeleg å kutta i stillingar for å nå innsparingsmåla.
– Nedbemanning har ført til auka innleige. Det er vanskeleg å finna balansen.
Midbøe er skuffa over at Helse Vest går ut med kuttkrav før styremøtet i Helse Fonna førstkommande måndag.
Onsdag hadde leiinga i Helse Fonna eit lenge planlagt drøftingsmøte med tillitsvalde og fleire titals leiarar i helseføretaket. Administrerande direktør Johannes Kolnes fortel at meldinga på radioen hadde vekt veldig oppstuss.
– Det skjønnar eg godt. Eg snakka med Herlof Nilsen og med sakshandsamaren for notatet i Helse Vest før drøftingsmøtet. Dei stadfester at det er me i Helse Fonna som skal finna gode og truverdige måtar å oppfylla budsjettkrava og styringsdokumentet frå Helse Vest på. Omrekninga til årsverk som var gjort i notatet, var eit eksempel. Reduksjon av drifta ønskjer vi å ta på andre område enn ei kraftig nedbemanning, seier Kolnes.
• Les heile saka i Haugesunds Avis på nett ved å klikke på overskrifta her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar