onsdag 29. september 2010

D-dag for sjukehuset


LEIAR I AVISA SUNNHORDLAND, 29. SEPTEMBER 2010 I DAG har Helse Fonna styremøte for å vedta den mykje omtala «Plan somatikk». Eit omfattande dokument har vore ute på høyring, men det ser ut til at attendemeldingane frå høyringane ikkje har vorte høyrt, eller i alle høve er oversett. På mange vis kan det sjå ut som om dette er ein D-dag for eit lokalt veldrive og sentralt plassert sjukehus.

FOR OSS vert det feil når Helse Fonna-direktør Kari Ugland seier at det har vore ein brei høyringsrunde og at det har vore god tid til å koma med høyringsinnspel. Kva då med uttalen frå Johann Belsvik, medlem i styringsgruppa i Helse Fonna, som ikkje fekk sjå gjennom ein konsekvensuttale utarbeidd på vegner av brukarutvalet i Helse Fonna, før den gjekk rett til styret? Er det arroganse frå administrasjonen si side, at direktøren lukkar seg inne, og at dei har ein agenda for å styrkja sjukehuset i Haugesund?

DET SOM er interessant, er at det til sjuande og sist er Helse Vest som bestemmer. Difor er det viktig at politikarar i Sunnhordland held trykket oppe, og at det vert markert sterk misnøye med framlegget til Plan somatikk. Vidare er det viktig å peika på at Stord sjukehus i mange år hatt eit «mannskap» som har arbeidd aktivt og godt, og som ikkje minst har hatt eit godt samarbeid med Haukeland Universitetssykehus i Bergen, no Universitetssykehuset i Bergen (UiB). Det er stuttare veg frå Stord sjukehus til dette sjukehuset enn til Stavanger. Eigentleg vert Haugesund liggjande i ein skvis.

DIFOR ER det viktig å halda oppe skikkeleg beredskap og standard ved Stord sjukehus. Me bur i ein svært aktiv industriregion, me har stor skipsfart gjennom fjordane, me ligg sentralt til kommunikasjonsmessig, og burde sjølvsagt hatt eit ambulansehelikopter. Me seier oss samde med anestesilege Dag Rune Vatle, som hadde lesarbrev på trykk i går, i at her kan ein få i pose og sekk; tryggleik i befolkninga, opparbeida tiltru, og ei trygg forankring opp mot universitetssjukehusa. Me er glade for at eit samla formannskap i Stord stør ordføraren i denne viktige saka. Men det spørst om det gjev inntrykk på styre og administrasjonen i Helse Fonna.

• Les denne og andre leiarar i avisa Sunnhordland ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar