søndag 19. september 2010

Sjukehusets dag Nordfjord: Solid markering






FJORDABLADET Mellom 250 og 300 personar møtte laurdag opp for å markere si støtte til Nordfjord sjukehus.

– Administrasjonen har blitt den største vekstfaktoren i spesialisthelsetenesta, og lokalsjukehus forsvinn medan Regjering og helsedirektør ser på og fomlar tafatt i bakgrunnen. Er det rart at ein blir frustrert? Og forbanna?, sa Trond Inselseth, kommunelege i Vågsøy som var ein av appellantane under lokalsjukehusdagen sist laurdag.


– Det blinkar eit blått lys for mange lokalsjukehus i dag. Også vårt. At ein må ha ei markering som dette burde vere heilt unødvendig i 2010.
– Det vi ser i dag er ein villa politikk frå Helse Førde. Dei ønskjer at dette sjukehuset blir lukka og låst med dei aktivitetane som finst her i dag. Bygningane er bygda sin eigedom, jamfør overdragingsbrevet frå William Singer som skjenka huset til Nordfjor- dingane. Verre er det med den høgt spesialiserte kompetansen som finst inne i bygningane.

Trakassering
– Etter år med trakassering i form av manglande kommunikasjon og informasjon, reduksjon i tilbod som mage- og tarmkirurgi urologi og eit ortopedivedtaket som har ført til at svært kompetente legar og sjukepleiarar har takka for seg og funne seg andre stader å arbeide. Dei orka simpelt hen ikkje denne mobbekampanjen lenger, sa Toril Fjørtoft og peikte på at trass i desse tinga så hevdar informasjonssjef Eithun, i eit innlegg i Fjordabladet, at det ikkje er eller skal bli reduksjon av tilbod ved Nordfjord sjukehus.

– Kva handlar det om? Er det vi som ikkje har forstått? Er vi fullstendig verkelegdomsfjerne? Er dette keisaren sine nye klede? For det er jo nedlegging og innsparingar som er målet. Kvifor ikkje seie det klart i staden for alle desse løgnene, som ikkje fører til noko anna enn mistillit?, sa Fjørtoft.

Fellesskapet sin velferd
– Som innbyggar, mor og kone vil eg ikkje sjølv, eller at nokon av mine må bli frakta langt i sjukebil med lårhalsbrot, vonde skuldrer eller slag. Eg betalar min skatt og mi trygdeavgift i rikt monn, med den forvissing om at det er fellesskapet sin velferd. Men eg er ikkje større på jord enn at eg ønskjer å få noko att for desse investerte pengane, som til dømes å få helse-hjelp i rimeleg nærleik av der eg bur.

Pengesluk
– Eit anna spørsmål er også kvifor Helse Førde set i verk tiltak i tråd med modell 1, når Helse Vest enno ikkje har behandla strategidokumentet? Kvifor rek det folk frå Helse Førde rundt i gangane på Nordfjord sjukehus og tel opp utstyr? Dei stilte til og med opp på ei operasjonsstove under ein operasjon, der operatøren vart avbroten i sitt kirurgiske arbeid. Kor ivrige skal vi tillate dei å vere i tenesta? Skal vi akseptere at det vert drive planlagt fedmekirurgi i Førde, når vi i Nordfjord ikkje får fjerna blindtarmen ved vårt eige sjukehus? Eller kva med ei stor og flott patologiavdeling, når vi har Gades Institutt i Bergen? Kvifor redusere aktiviteten, som i mange år har gitt avkasting og inntekt til føretaket? Det er ikkje Eid eller Lærdal som er pengesluket, men Sentralsjukehuset. Det er det fleire enn meg som veit, understreka Toril Fjørtoft.

Rett til helsehjelp
– Folkens det er nok pengar, og vi i Nordfjord har også rett til helsehjelp når vi måtte trenge det, utan å få to timar på båre langs Jølstravatnet som belasting. Historiene er mange om desse transportane. Eit minimum er å oppretthalde tenelege akuttfunksjonar. Utan det er vi, etter mitt syn, ikkje per definisjon eit sjukehus, sjølv om høvdingar og direktørar i dette fylket hevdar noko anna. Vi finn oss ikkje lenger i at nøkkelpersonell og funksjonar sakte men sikkert blir kvelt for deretter å bli fjerna heilt. Vi skal kjempe for tryggleiken som eit sjukehus inneber. Eit sjukehus med mykje kompetanse på både medisinsk og kirurgisk fagfelt. Det er kvar einaste nordfjording verd, sa Torill Fjørtoft.


– KVA GALT HAR VI GJORT I NORDFJORD?
– Det er tungt å arbeide for ei sak ein trur på, når ein talar for dauve øyrer. Når ein føler at saklege innspel vert overhøyrde og neglisjerte av dei som tek avgjerdene. Det er både slitsamt og går på helsa laus. Eg er sikker på at det gjeld for mange helsearbeidarar ved sjukehuset, men også for dei mange som har engasjert seg og brukt energi i kampen for lokalsjukehuset.

Slik innleia kommunelege Trond Inselseth sin appell og understreka at det har vore ei stor belasting for dei involverte å oppleve ei systematisk nedbygging, innskrenking, sabotering og amputering av lokalsjukehuset.

– Først administrasjonen, deretter funksjonar og fagområde, så vaktplanar og personellressursar, alt meint for å lamme aktiviteten. Mange har opplevd dette som ein vond prosess, der personalpolitikken har vore lite påakta. Likevel har helsearbeidarane stilt opp for pasientar og pårørande på ein måte som dei fortener ros for. Eg er imponert over den innsatsen som har vore vist frå tilsette ved Nordfjord sjukehus dei siste åra og eg tykkjer dei fortener applaus frå denne forsamlinga, sa Trond Inselseth som understreka at lokalsjukehuset er viktig, ikkje minst i vårt fylke og andre stader der det er lange avstandar til sentralsjukehus eller større sjukehus.

– Eg er for sentralisering av sjukehustenester. Den medisinske utviklinga har kome langt og innafor enkelte fagfelt og sjukdomstypar er det riktig at behandlinga skjer på så få stader som muleg for at kvaliteten skal vere så høg som muleg. Dette gjed for store deler av kreftbehandling, hjartekirurgi, barnekirurgi, nevrokirurgi og ei rekkje andre behandlingsformer, sa Inselseth og understreka at for storparten av innleggingane, gjeld det alminnelege, hyppige, ofte alvorlege sjukdomstilstander, der behandlinga like godt kan gjevast ved lokalsjukehus og der tidsfaktoren og nærleiken til hjelp er viktig for eit godt behandlingsresultat.

–Det har ikkje vore noko problem i vår region at kompliserte tilstander som krev meir ressursar for utgreiing og behandling ikkje har blitt sendt vidare til andre sjukehus når det har vist seg å vere behov for det, sa Inselseth og poengterte at det trass alt er rimelegare å behandle pasientar ved mindre einingar.

– All vår kunnskap og erfaring viser at det er rimelegare å behandle pasientar ved mindre einingar. Svenskane har gått heile vegen og har vist at effektiviteten går ned og kostnadene opp ved å sentralisere for sterkt. Til og med vår eiga regjering har sagt at dei har forstått dette, og til og med ytra at lokalsjukehusa skal bestå. Men det som skjer er at etter Helsereforma i 2002 har vi mista den faglege styringa av Helse-Norge. Bedriftsøkonomien er blitt eit styrande prinsipp i helseføretaka. Adminis- trasjonen har blitt den største vekstfaktoren i spesialisthelsetenesta, og lokalsjukehus forsvinn medan Regjering og helsedirektør ser på og fomlar tafatt i bakgrunnen. Er det rart at ein blir frustrert? Og forbanna? Ein kan lure på kva vi har gjort galt i Nordfjord. Eg trur eg har svaret. I mangel på fagleg styring er det tyngdekrafta som rår, og den største tyngda sit i Før- de. Eit samfunn som er tufta på vedtak og ikkje på tiltak, sa Trond Inselseth.

– Eg skulle gjerne sagt noko om framtida, men eg er i villreie om korleis den ser ut. Eg er usikker på kor lenge det går før Storting og Regjering ser at helsereforma må reviderast og sentraliseringa bremsast. Dette landet treng sårt til ein Nasjonal Helseplan. Samhandlinga til Hanssen er neppe svaret, noko som betyr at grunnlaget for gjeldande vedtak om nedlegging av Nordfjord sjukehus er borte, sa Inselseth og understreka at grensene mellom helseføretaka er eit problem.

– Det minste vi må krevje er at dagens grenser mellom helseføretaka blir fjerna ved akuttinnleggingar, slik at vi fritt kan bruke faglege medisinske vurderingar i forhold til akuttinnleggingar og ikkje må ta omsyn til ulogiske administrative grenser, sa han.

HONNØR TIL TILSETTE
Vågsøy-ordførar Roger B. Silden peikte i sin appell på at den statlege overtakinga av sjukehusdrifta har vore ein katastrofe for lokalsjukehusa i fylket. Silden brukte også mykje tid på å snakke om mangelen på personalpolitikk i Helse Førde og kva ei nedlegging av sjukehuset ville ha å seie for utvikling og vekst i Nordgfjord-regionen.
– Personalbehandlinga i Helse Førde er skammeleg. Ei slik behandling av tilsette ville aldri gått andre stader i næringslivet. Leiinga ser rett og slett ikkje verdien i den kompetansen vi finn blant dei tilsette og i fagmiljøa. I dag øydelegg helseføretaket gode fagmiljø, som det vil ta år å bygge oppatt, med eit pennestrøk, sa Silden som meinte at dialogen med helseføretaket opphøyrde når den andre parten byrja å stille spørsmål.
– Når vi stiller spørsmål er dialogen over. Eg har ikkje tru på korkje leiing eller styre i dette helseføretaket, sa han og stilte samstundes spørsmål ved logikken om å legge ned tilbod samstundes som køane veks, sa Silden.

KONTAKT POLITIKARANE
– Eg oppmodar alle som er her i dag om å vende seg til folkevalde i Regjering og Storting som sit med ansvaret for helse- tenestene våre. Dei må få beskjed frå store folkegrupper og organisasjonar om at det som held på å skje med Nordfjord sjukehus er ei nedbygging utan ansvar, sa Marit Nore Sørhaug, kommunestyremedlem for Sp i Vågsøy og sentral i sju-kehusaksjonen, i sin appell og oppmoda samstundes dei frammøtte til å stille spørsmål om ikkje Nordfjordingane har krav på sjukehustenester på lik linje med befolkninga i meir sentrale strøk av landet.

LOVNADSBROT
Gunn Helgesen (Krf), leiar i Nordfjordrådet, peikte i sin appell på at føretaksreforma har spelt fallitt og at Nordfjordrådet krev eit fullverdig lokalsjukehus på Nordfjordeid.
– Modellen styret i Helse Førde har vedteke bryt med heilt sentrale prinsipp om at det skal vere likeverdige helsetenester uavhengig av kor ein bur i landet. Ingen skal vere i tvil om at Nordfjordrådet sin ståstad i denne saka. Vi akseptere på ingen måte ei rasering av Nordfjord sjukehus, sa Helgesen som oppfatta det som no skjer som klare brot på lovnadene regjeringa har kome med i Soria Moria.

UTFORDRA NORDFJORDRÅDET
Knut Harald Leirgulen, frå sjukehusaksjonen for Nordfjord Sjukehus, utfordra under markeringa sist laurdag Nordfjordrådet til å arrangere fakkeltog for Nordfjord sjukehus i løpet av hausten.
– Eg oppfordrar til folkeleg opprør. Eg oppfordrar til politikaropprør. Eg oppfordrar også Nordfjordrådet til å arrangere eit stort fakkeltog i protest mot det Helse Førde prøver å gjere med sjukehuset vårt, sa Knut Harald Leirgulen.


• Les saka i papirutgåva av Fjordabladet tysdag 21. september 2010. Elektronisk versjon kan kjøpast her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar