tirsdag 21. september 2010

Florø sjukehus: Blir lagt ut for sal


FIRDA Helse Vest har gitt klarsignal til at sjukehusbygget i Florø kan seljast til private. Dermed vil salsprosessen som vart stogga truleg kome i gang igjen.

Sjå etter kjøparar
Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest stadfester overfor Firda at regionføretaket no har gitt Helse Førde grønt lys for å vende seg til den opne marknaden – vel eitt og eit halvt år etter at departementet gav stoppordre for det første salsforsøket.
– I denne omgang handlar det om å sjå om det finst potensielle kjøparar og kva marknaden eventuelt er villig til å betale. Deretter startar ein eventuell salsprosess, seier styreleiaren.

Vil ikkje gi vekk
Ifølgje Oddvard Nilsen, er det uaktuelt å meir eller mindre gi bort den store bygningsmassen.
– Det har vi ikkje lov til. Vi er sette til å ta vare på statens verdiar, og må ta utgangspunkt i den verdien bygningsmassen har, seier han.

Helse Vests styreleiar seier dette om kvifor regionføretaket no opnar for sal til private:
– Det er viktig å få denne saka ut av verda, fordi bygningsmassen er ei bør for Helse Førdes økonomi, og fordi det er viktig å få ting på plass.

Tome lokale
Framtida for sjukehusbygget i Florø har vore eit uavklart stridsspørsmål heilt sidan sengeposten vart avvikla i februar 2008 og mesteparten av den 7400 kvm store bygningsmassen vart ståande ubrukt.

I tillegg til kostnadene med t.d. varme og vedlikehald, kostar bygningsmassen i Florø helseføretaket 7,5 mill. kroner årleg berre i avskrivingar.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar